Kva gjer barnevernet?
Hovudoppgåva til barnevernet er å hjelpe barn/ungdom og deira foreldre. Målet er at barn og unge skal få omsorg, tryggleik og høve til ei god utvikling.
Barnevernstenesta gjer i all hovudsak ei undersøking/kartlegging av barnet og foreldra sine behov for hjelp. Nokre av tiltaka som barnevernstenesta tilbyr er råd og rettleiing, sikrar samordning av rette tenester til barn og foreldre, besøksheim, aktivitetskontakt mm. At barn ikkje kan bu heime med sine foreldre er alltid siste utveg, etter at det som regel er prøvd fleire tiltak.
Det er omsynet til kva som er best for barnet som avgjer kva hjelp og støtte familiane får.
Fosterheim
Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit barn som for ein periode ikkje kan bu hjå foreldra sine.
Ønskjer du å gjera ein forskjell i livet til eit barn/ungdom? Les om dette på Fosterheimstenesta si nettside.
Besøksheim og aktivitetskontakt
Besøksheim og aktivitetskontakt er nokre av den mest brukte hjelpa til familiar. Nokre gonger treng barn/ungdom fleire vaksne i livet som kan vera med å gi dei tryggleik og gode opplevingar. Dette kan vera som besøksheim eller aktivitetskontakt.
Å vera besøksheim inneber oftast at barnet/ungdomen overnattar i besøksheimen i helgar, og/eller vekedagar. For å verta besøksheim må ein ha hjarterom og husrom til å ta i mot eit ekstra barn. Ein må ha evner til å skapa tryggleik og stabilitet for eit barn som ofte har eit auka behov for dette. Både som besøksheim og aktivitetskontakt er evne til samarbeid viktig. Ein skal her samarbeide med både foreldre, barn/ungdom og barnevernstenesta.
Tykkjer du dette høyrest spennande ut? Ta kontakt med Sogn barnevern på tlf. 97 50 60 95 for å høyra meir om dette.
Har du uro og bekymring for eit barn/ungdom?
Du kan ta kontakt med Sogn barnevern på tlf. 97 50 60 95. Der kan du få lagt fram din bekymring eller drøfta om det er noko du kan gjere for barnet/familien.