Bustadkontoret handsamar søknad om kommunal utleigebustad etter ei individuell vurdering i nært samarbeid med andre aktuelle tenester i kommunen. Me gir også råd og rettleiing i utfylling av søknaden.

Søknadsskjema for kommunale utleigebustader

Søknadsskjema bustøtte

Søknadsskjema startlån/ tilskot

Bustøtte

Målet med den statlege bustøtta er å sikra at personar med låg inntekt og høge buutgifter får ein passande stad å bu.

Dette er Husbanken si ordning, men det er kommunen som tek imot og registrerer søknadane for Husbanken.

Slik søkjer du

Søknadsfristen er den 25. kvar månad.

Du får eit svar frå oss innan 20. månaden etter at du har søkt.

Søknadsskjema for bustøtte på nettsida til Husbanken

Du kan velja eitt av to skjema:

  • Bruk det elektroniske søknadsskjemaet dersom du har elektronisk ID og alle i husstanden din er registrerte i folkeregisteret. Då får du berre spørsmål som er relevante for deg og din situasjon, og søknaden går digitalt til bustadkontoret i Sogndal kommune.
  • Alternativt kan du fylla ut papirskjemaet, skriva det ut og levera det på innbyggjartorget i Sogndal, Leikanger eller Balestrand, eller senda det med posten til adressa under. Søknaden din kan innehalda sensitive opplysningar. Det er difor viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Før du opnar skjemaet, leit fram følgjande opplysningar

  • personnummer til alle i husstanden din
  • opplysningar om bustaden og buutgiftene dine
  • opplysningar om inntekta di og eventuell formue

Send papirskjema til:

Bustadkontoret i Sogndal
Postboks 153
6851 Sogndal

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få handsama søknaden om bustøtte.

Kva får du?

Bustøtta heng saman med inntekta og formuen til deg og den eller dei du bur ilag med.

Skjer det vesentlege endringar i inntekta og/eller formuen til husstanden, må du melde ifrå til sakshandsamaren din i kommunen.

Husbanken sin bustøttekalkulator

Krav til søkjar

Alle over 18 år kan søka bustøtte.

Bustøtte er ikkje for studentar eller personar i førstegongsteneste. Men du kan likevel søka om du

  • er student med born
  • er student utan born og studiet er eit ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak
  • er forelder til ein heimebuande student
  • er forelder til ein i førstegongstenesta som ikkje bur heime
  • er under 18 år og har eigne born

For å ha rett på bustøtte må du bu i ein eigen bustad med eigen inngang, eige bad og toalett, kjøkkenløysing og ein stad for kvile. Du kan likevel søka om du bur i eit kommunalt bufellesskap.

Klage på vedtak

Du kan klaga på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen må vera skriftleg.

På nettsidenen til Husbanken kan du lesa meir om korleis du kan klaga på eit bustøttevedtak

Slik melder du frå om endringar

Du har plikt til å melda frå dersom det skjer endringar i nokre av opplysningane du har gjeve i søknad om bustøtte.

På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om korleis du kan melda frå om endringar

Startlån

Har du problem med å koma inn på bustadmarknaden eller med å bli buande i bustaden din? Då kan startlån vera ei aktuell låneordning for deg.

Det er Husbanken som finansierer denne ordninga, men kommunen som tek imot søknadar og gjer vedtak.

Slik søkjer du

Søknadsskjema til startlån finn du på nettsida til Husbanken

Fyll ut skjemaet og send søknaden til:

Bustadkontoret i Sogndal
Postboks 153
6851 Sogndal

Me handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får eit svar frå oss innan 4 veker frå me har motteke søknaden din og alle nødvendige vedlegg er komne inn i saka. Sakshandsamingstida kan variera etter avtale med søkjar.

Kor mykje kan eg låna?

Dette må me vurdera i kvart enkelt tilfelle.

Ein viktig føresetnad er at du som får startlån, kan betena lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar att til å leva for.

På nettsidene til Husbanken finn du verktøy for å berekna startlån.

Kva får du?

Startlån er i hovudsak eit økonomisk hjelpemiddel til kjøp av bustad.

Du kan også få startlån til

  • hjelp til å bli buande i bustaden du har no
  • refinansiering av eit dyrt lån
  • utbetring av bustad
  • tilpassing av bustad
  • bygging av bustad
  • topp- og fullfinansiering

Krav til søkjar

Startlån kan gjevast til barnefamiliar, eldre, personar med nedsett funksjonsevne eller andre som bur i ein ueigna bustad og anten vil kjøpa bustad eller utbetra/tilpassa bustaden sin.

Startlån kan også blir gjeve til refinansiering dersom du står i fare for å mista bustaden.

Får du lån til bustad i privat bank, kan du ikkje få startlån. Er du ung i etableringsfasen, eller i ein situasjon der du kan spara, får du heller ikkje startlån. Barnefamiliar som har behov for ein stabil bustad raskt, er unntatt frå kravet om å spara.

Du kan søkja startlån i kommunen din viss du er i ein, eller fleire av desse situasjonane:

  • Du er i ein familie med barn, og har behov for ein stabil og trygg bustad.
  • Du får ikkje lån i vanleg bank og kan ikke spara penger til eigenkapital.
  • Du mottek trygd/offentlege ytingar.
  • Du kan mista bustaden ved tvangssal på grunn av bustadgjeld.
  • Du har særlege sosiale eller helsemessige utfordringar.
  • Du er eldre og bur i ein ueigna bustad.
  • Du har nedsett funksjonsevne og må tilpassa bustaden din.

Det er ikkje er nødvendig med eigenkapital for å få startlån. Men du må ha tilstrekkeleg inntekt til å dekka utgiftene på startlånet, ved sidan av andre nødvendige utgifter. I nokre tilfelle kan kommunen gje tilskot.

Manglar du BankID eller er verge? På nettsidene til Husbanken kan du sjå korleis du får søkt.

Vanlege årsaker til avslag 

  • Du er ikkje rekna som økonomisk vanskelegstilt. 
  • Du har for usikker/låg inntekt til å betena eit lån.
  • Det er stor risiko for at du ikkje vil kunne betena utgifter på lånet gjennom heile låneperioden.
  • Kommunen har ikkje meir startlånsmidlar i år. Du kan søka igjen neste år.

Klage på vedtak

Du kan klaga på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen må vera skriftleg og skal sendast til Sogndal kommune ved bustadkontoret.

Kommunal bustad

Kommunen kan medverka til å skaffa deg ein stad å bu, om du ikkje klarer dette på eiga hand.

Slik søkjer du

Søknadsskjema for kommunale utleigebustader finn du her

  • Før du opnar skjemaet, leit fram dokumentasjon som viser kva inntekt du har og husleigekontrakt for noverande bustad.
  • Er du skilt eller separert, må du legga veg kopi av skifteavtale.
  • Er du utandlansk statsborgar, må du leggja ved kopi av pass eller opphaldsløyve frå UDI.

Skjemaet vert sendt inn elektronisk.

Søknaden kan du også senda til:

Bustadkontoret i Sogndal
Postboks 153
6851 Sogndal

Me handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får svar frå oss innan 4 veker frå me har motteke søknaden din.

Kva kostar det?

Du får leigekontrakt etter avtale.

Kva får du?

Gjennomgangsbustad er eit mellombels butilbod. Leigekontrakten vil normalt ikkje vara lenger enn tre år.

Krav til søkjar

Målgruppa for tilbodet er økonomisk og sosialt vanskelegstilte, flyktningar, eldre, funksjonshemma eller andre som treng hjelp i ein kortare eller lenger periode.

Du som søkjer må

  • vera fylt 18 år
  • ha lovleg opphald i Norge og ha hatt samanhengane folkeregistert og faktisk adresse kommunen dei 2 siste åra (Krav om butid gjeld ikkje for førstegongs busetting av flyktningar i kommunen)
  • vera vanskelegstilt og fylla dei generelle vilkåra og kriteria for tildeling
  • ikkje skulda husleige til kommune

Klage på vedtak

Du kan klaga på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er 3 veker frå du har motteke vedtaket. Klagen må vera skriftleg.