- Sogndal kommune gjer vedtak om oppstart av «Områdeplan for Rutlin/Ulvahaugen», og varslar planoppstart etter plan- og bygningslova § 12-8.
- Forslag til planprogram for områdereguleringsplan Rutlin/Ulvahaugen vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn etter plan og bygningslova § 4-1, 12-2 og 12-9.
Planområdet
Storleiken på planområdet er om lag 155 dekar. Framlegg til planområdet er avgrensa langs yttersida av Trolladalen og Lunnamyri – undersida av grøntareal på Haugen – langs Rutlinslid – ned langs Leitevegen - Prestadalen. Framlegg til planavgrensing er vist på kartutsnittet.
Føremålet
Føremålet med eit planprogram er å tydeleggjere premissar og rammer for planoppgåva, fastsette om forhold må konsekvensutgreiast, og kva plantema som skal vurderast nærare i planforslaget. Det er også eit verktøy for å sikre medverknad og avklare problemstillingar på eit tidleg tidspunkt i planarbeidet. Planprogrammet vert lagt ut til høyring samstundes med at det vert varsla oppstart av planarbeidet.
Med sin visjon, verdiar og mål, gir samfunnsplanen for Sogndal kommune føringar for både planprosessen og sjølve resultatet. Målet med planarbeidet er at
«Sogndal kommune ønskjer å utvikle Rutlin/Ulvahaugen til ein del av tettstaden med relativt høg tettheit, gode bukvalitetar og stader der folk kan møtast».
For vidare informasjon om planarbeidet, sjå vedlagt planprogram og plan for medverknad.
Ta gjerne kontakt ved spørsmål.
Dokument i saka:
Saksframlegg
Saksprotokoll
Planprogram for områdereguleringsplan Rutlin/Ulvahaugen
Plan for medverknad