Planprogram for områdereguleringsplan Rutlin/Ulvahaugen vert med heimel i plan- og bygningslova § 4-1, 12-2 og 12-9 vedteke med følgjande endringar som vert innarbeida i planprogrammet:
- Plangrensa blir utvida slik at både Dalavegen 7A og Dalavegen 7 inngår i planområdet
- I planprogrammet, under punktet «private eigedommar» (side 11), vert Leif Henning Øyre lagt inn som ein av dei store grunneigarane i planområdet.
- «Utviklingsplan for Vestland 2020-2024» blir lagt inn i planprogrammet under «Regionale føringar» (side 24).
- Planprogrammet blir supplert med nytt punkt «Klimatilpassing» under kapittel 5 «Tema som skal greiast ut». Fylgjande tekst vert lagt inn:
Klimatilpassing
I planarbeidet skal ein avklare mogeleg flaum og skredfare, handsaming av overflatevatn, tilrettelegging for ladestruktur og føringar for materialbruk, energiløysingar og eventuelt byggtekniske løysingar for framtidige bygg.
- I planprogrammet vert kapittel 6 «Tema som skal greiast ut» , «trafikk» (side 15) supplert med eit nytt kulepunkt:
Trafikkanalyse - analysen skal så lang som råd gje eit bilete av dagens trafikkmengd, framtidig trafikkmengd, skulevegar og trafikktryggleik.
- Redaksjonell endring i planprogrammet under punkt «Arkeologi» (side 14). Teksten blir endra til at det må påreknast arkeologiske undersøkingar. For fullstendig tekst, sjå vedlagt merknadsskjema pkt. 3 under høyringsinstansar.
- Redaksjonell endring i planprogram under kapittel 5, "Born og unges interesser" (side 17). Teksten blir noko meir utfyllande. For fullstendig tekst, sjå vedlagt merknadsskjema pkt. 3 under høyringsinstansar.
- Redaksjonell endring av planprogrammet: «Veileder for støyvurdering ved etablering av nærmiljøanlegg» IS-1693 vert lagt inn under kapittel 5 «Tema som skal greiast ut», underpunkt «Støy».
Dokument i saka:
Planprogram for Rutlin/Ulvahaugen, vedteken 07.06.2023 (pdf)
Plan for medverknad Rutlin/Ulvahaugen, dagsett 21.06.2023 (pdf)
Merknadsskjema etter varsel om oppstart av planarbeid, dagsett 24.05.2023 (pdf)
Samla innspel, dagsett 24.05.2023 (pdf)
Saksframlegg (pdf)
Saksprotokoll (pdf)