- Sogndal kommune jobbar vidare ut i frå hovudgrepa i «konsept 2 medium» jf. prosessvedtak i kommunestyremøte 14.12.2023, sak 93/2023 med følgjande endring:
Sone A (Rutlin):
• Sette av landbruksarealet til LNF (landbruk-, natur- og friluftsområde) i arealdel til kommuneplan, som er under utarbeiding, for å sikre jordvernet
• Ta ut landbruksarealet av områdeplanen, ved å justere plangrensa, for å unngå kostnader med arkeologisk registrering
Landbruksjord i sone C (Trolladalen):
• Sette av landbruksarealet til LNF (landbruk-, natur- og friluftsområde) i arealdel til kommuneplan, som er under utarbeiding, for å sikre jordvernet
• Ta ut landbruksarealet av områdeplanen, ved å justere plangrensa, for å unngå kostnader med arkeologisk registrering
- Då landbruksjord i sone A og C blir teke ut, skal kommunedirektøren vurdere i det vidare arbeidet om planen best kan løysast som ein samla detaljregulering av området i Ulvahaugen og Grushola jf. intensjonsavtalen vedteke i kommunestyremøte 24.03.2022, sak 2022/2622
Dokument i saka:
Saksframlegg
Saksprotokoll
Areal til bustad i Sogndal tettstad
Bustadanalyse for arealdelen til Sogndal kommune
Konsept områderegulering Rutlin-Ulvahaugen
Stadsanalyse Rutlin-Ulvahaugen
Planprogram Rutlin-Ulvahaugen
Medverknad Helse Førde
Fråsegn planprogram og vidare utgreiing arkeologi VLFK
Landbruk uttale
Signert intensjonsavtale Ulvahaugen med kartvedlegg