Introduksjonsprogrammet skal gi kunnskap i norsk språk, norsk samfunnsliv og norsk arbeidsliv, slik at du seinare kan få arbeid eller ta meir utdanning.
Som flyktning har du rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet dersom du er mellom 18 og 55 år, er nyankommen og har behov for grunnleggjande kvalifisering.
Deltakarar i introduksjonsprogram har krav på introduksjonsstønad.
På nettsida nyinorge.no finn du praktiske opplysningar frå ulike offentlege etatar.