Kven er tilbodet meint for?

Du kan ta kontakt dersom du

  • nyleg har fått ein kreftdiagnose eller anna alvorleg sjukdom
  • er pårørande til ein som har kreft eller anna alvorleg sjukdom
  • ventar på behandling, er i behandling eller har avslutta behandling
  • har seinverknader etter kreftbehandling eller anna alvorleg sjukdom
  • er frisk etter behandling, men har spørsmål om rehabilitering
  • ikkje blir frisk og treng hjelp til tilrettelegging av kvardagen

Samarbeidspartar i kommunen og spesialisthelsetenesta er også velkommen til å ta kontakt med kreftkoordinator.​

Kva kan kreftkoordinator hjelpe deg med?

Kreftkoorinatoren kan

  • gje informasjon om kva tilbod som finst i kommunen
  • gje informasjon om ulike økonomisk støtte/ stønadsordningar og rettigheiter
  • gje svar på spørsmål om kreft, behandling og biverknader
  • gje hjelp til å navigere mellom fastlege, sjukehus, nav og andre institusjonar
  • vere ein støtte- og samtalepartnar for den kreftsjuke og pårørande
  • gje råd om korleis du kan snakke med barna dine om alvorleg sjukdom
  • bidra til å finne gode løysingar i heimen for å sikre tryggleik og kontinuitet slik at du kan vere lengst mogleg heime

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft

Alle som får ein kreftdiagnose, får tilbod om samtalar for å sikre at behov for oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga blir blir avdekte og følgde opp. Dette blir kalla «Pakkeforløp heim for pasientar med kreft», som består av tre behovskartleggingssamtalar. Den første samtalen blir gjennomført på sjukehus i tida etter at du har fått påvist kreftdiagnose. Dei to neste samtalane føregår i kommunen, 3-4 månader og 12-18 månader etter påvist kreftdiagnose.

I Sogndal kommune er det kreftkoordinator, helsepersonell eller fastlege som gjennomfører samtalane. Pakkeforløp heim er frivillig. Kreftsjuke som ikkje ynskjer behovskartlegging kan få tilbod på eit seinare tidspunkt

Kontakt oss

Du treng ikkje å søkja eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Du som er kreftramma eller pårørande kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post.

Linn Didriksen Solsvik er tilsett som kreftkoordinator og kan kontaktast på telefon 99 28 62 29, dagleg mellom 09-15 eller e-post linn.didriksen.solsvik@sogndal.kommune.no