Eininga har eit overordna ansvar for individuell plan og koordinator. Ansvaret gjeld alle brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester og er ikkje avgrensa til habilitering og rehabilitering.
Koordinator, barnekoordinator og Individuell plan
Dersom du har ein sjukdom, skade eller diagnose som gjer at du har behov for langvarige og koordinerte helse og omsorgstenester, kan du ha rett til å få ein individuell plan (IP) og/eller ein koordinator. Som hovudregel vil det vere ein av dei du mottar tenester frå som blir utnemnt som koordinator.
Når du tek imot IP/koordinator, samtykker du til at tenestene rundt deg kan samhandle og dele informasjon som er hensiktsmessig for å få til eit godt tverrfagleg samarbeid. Retten til koordinator /IP utløyser ikkje ein sjølvstendig rett til andre, eller fleire tenester, men gir eit grunnlag for at tenestene kan samhandle betre og meir koordinert for å nå dine mål.
Koordinator
Å koordinere betyr «å få til å virke saman». Ein koordinator er ein person i tenesteapparatet ditt som skal legge til rette for at tenesteytarane samarbeider godt slik at du får ein god og individuelt tilpassa oppfølging. Koordinator skal vere eit kontaktpunkt for brukar. I dette ligg det blant anna å bistå brukar i å sortere kven som kan hjelpe med kva, og rettleie brukar med å komme i kontakt med rett instans.
Ein koordinator har i tillegg ansvar for å
- kalle inn til ansvarsgruppemøter
- opprette elektronisk Individuell plan i Visma Samspill
- Delegere og avklare oppgåver og ansvar i ansvarsgruppa for å sikre god framdrift i sakene
- Legge til rette for at mål og tiltak i individuell plan vert jamnleg evaluert og justert i samarbeid med planeigar og resten av ansvarsgruppa
Barnekoordinator
Familiar som har, eller venter barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsatt funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og/eller koordinerte helse-, omsorgs- og velferdstenester, kan få oppnevnt ein barnekoordinator. Til skilnad frå ein “vanleg” koordinator er det i desse sakene situasjonen til heile familien som uløyser retten til barnekoordinator, ikkje berre det enkelte barn.
I Sogndal kommune har vi mange koordinatorar som jobbar etter samme føringane som barnekoordinator. I tillegg har vi ein barnekoordinator i 100 prosent stilling som jobbar med dei meir samansette sakene og i tillegg har oppgåver på systemnivå. Oppgåvene til barnekoordinator vil i stor grad samanfalle med oppgåvene til ein ordinær koordinator.
Retten til barnekoordinator finn du i pasient- og brukarrettigheitslova § 2-5c.
Individuell plan
Ein individuell plan skildrar korleis tenestene skal samarbeide slik at du får ei heilheitleg oppfølging. Ein individuell plan blir laga i samarbeid mellom deg og tenesteytarane rundt deg og skal vere eit levande dokument som blir oppdatert jamleg. Det er du som eig planen din, og den skal vere basert på dine behov og ynskje. Du avgjer kven som skal vere med i ein slik plan og kva opplysningar som skal delast mellom tenestene.
I planen skal det vere ein oversikt over dine mål, kva som skal gjerast kortid og kven som har ansvaret. Det er koordinator eller barnekoordinator som skal sikre framdrift i arbeidet med planen. Sogndal kommune nyttar Visma Samspill som elektronisk individuell plan.
Retten til individuell plan finner du i pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5.
Kva vil det seie for meg å ha ein individuell plan og koordinator eller barnekoordinator?
- Du har ein koordinator som har oversikt over din situasjon.
- Du blir involvert i planlegging av korleis tenestene skal vere og planen er basert på dine mål.
- Du avgjer kva for opplysningar som skal delast mellom tenestene.
- Du får ikkje nødvendigvis fleire tenester, men koordinerte tenester. Tenestene skal samarbeida for at du skal nå måla dine.
Korleis får eg individuell plan, koordinator eller barnekoordinator?
Dersom ein fagperson vert kjend med at du har behov for langvarige og koordinerte tenester, skal denne kunne orientere deg nærmare om individuell plan og koordinator. Du kan ta kontakt med koordinerande ening i kommunen for meir informasjon, eller nytta tilmeldingsskjema du finn her på nettsida.
Tilmeldingsskjema går til koordinerande eining. Vi tek kontakt med deg og innhenter utfyllande informasjon før vi tek stilling til om du har rett på individuell plan, koordinator/barnekoordinator.
Dersom koordinerande eining meiner du oppfyller denne retten, avgjer koordinerande eining kva tenesteeining som skal ha koordinatoransvar. Svarbrevet blir sendt til deg, med kopi til aktuell tenesteeining. Det er tenesteleiar som oppnevner kven som blir din koordinator. Om du ikkje høyrer noko innan ein månad etter du har fått svarbrev i posten, må du ta kontakt med koordinerande eining.
Betre Tverrfagleg Innsats – Stafettlogg og Stafettholder
For barn og unge som har eit meir tidsavgrensa eller mindre samansett hjelpebehov kan BTI/stafettlogg vere eit godt verktøy for å strukturere samarbeid mellom hjelpeinstansane.
Les meir på Sogndal – BTI – Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Sogndal kommune (betreinnsats.no)