Hukommelsesteamet i Sogndal består i dag av tre personar. Dette er sjuke- og vernepleiarar som er knytte opp mot pleie- og omsorgstenesta.
Kva kan hukommelsesteamet hjelpe deg med?
- Heimebesøk, der ein kan utføra kartlegging og utgreiing ved mistanke om demens, i samarbeid med legetenesta
- Samtale og informasjon til pasient og pårørande
- Oppfølging i heimen og institusjon
- Pårørandeskule og samtalegruppe for pårørande
- Informasjon om tenestetilbod, eventuelt hjelp til søknader
Du treng ikkje henvisning eller søknad for å kontakte hukommelsesteamet.