Du kan kontakta kommunen for å få hjelp til å søkja om langtidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å lata næraste pårørande hjelpa deg med søknaden. Det må då liggja føre fullmakt.
Før saka kan avgjerast, vil det bli gjort ei grundig kartlegging av ressursar, behov og ynskje. Ved tildeling av plass må hjelpebehovet gå fram av vedtaket. Eit avslag skal alltid vera grunngjeve.