Du kan kontakta kommunen for å få hjelp til å søkja om korttidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å lata næraste pårørande hjelpa deg med søknaden.
Før saka kan avgjerast, vil det bli gjort ei grundig kartlegging av ressursar, behov og ynskje. Ved tildeling av plass må hjelpebehovet gå fram av vedtaket. Eit avslag skal alltid vera grunngjeve.
På sjukeheimen vil du alltid få hjelp av kvalifisert personale, det er alltid sjukepleiar på vakt. Yrkesgrupper som arbeider på sjukeheimen er sjukepleiar, hjelpepleiar/omsorgsarbeidar og assistent. I tillegg er det knytt lege og fysioterapeut til sjukeheimen.
Etter fagleg vurdering av individuelle behov og eigne ressursar vil du få tilbod om eit personleg tilpassa hjelpetilbod.
Vil du ha meir informasjon om korttidsopphald i Balestrand, Leikanger eller Sogndal? Klikk på lenkene under for å lesa meir i brosjyrene våre.
Les på skjermen:
Kortidopphald ved Sogndal helse- og omsorgssenter (PDF, til å lesa digitalt)
Kortidopphald ved Leikanger sjukeheim (PDF, til å lesa digitalt)
Kortidopphald ved Balestrand helsetun (PDF, til å lesa digitalt)
Skriv ut:
Kortidopphald ved Leikanger sjukeheim (PDF, til å skriva ut)
Kortidopphald ved Sogndal helse- og omsorgssenter (PDF, til å skriva ut)
Kortidopphald ved Balestrand helsetun (PDF, til å skriva ut)