Planområdet og planavgrensing for varsling

Beliggenheita og avgrensinga er vist på oversiktskartet nedanfor (Figur 1). 

Planområdet er på ca. 130 daa og er i dagens kommuneplan sett av til bustadbebyggelse og LNF-område. I den nye kommuneplanen for 2023-2033 er området føreslege som framtidig bustadområde (PlanID: KPL-2023-2033).

Området er konsekvensutgreia av Sogndal kommune i samband med ny kommuneplan 2023-2033, der ein set opp nokre tema som detaljplanen må ha fokus på:

Naturmangfald: Me vil gjennomføra ei naturkartlegging før andre utgreiingar. Denne kartlegginga skal sikra at me tek omsyn til naturverdiane i området.

Kultur: Planområdet inkluderer skogbruk som har historisk betydning for området. Det er òg SEFRAK-bygningar som skal ivaretakast. Kulturminneplanen for Sogndal kommune 2013 vil bli lagt til grunn for arbeidet.

Landbruk: Området er i dag ein kombinasjon av dyrka mark og skogsområde. Me vil vurdera korleis me kan tilpassa utbygginga for å bevara eventuelle landbruksinteresser.

Friluftsliv: Deler av arealet ligg innanfor det svært viktige friluftsområdet Bjørkastølen (FK00032324).

Meir informasjon

Referat frå oppstartsmøte

Bakgrunn og føremål

Vestland Eigedom AS ønskjer å regulera garden Bjørk Nord til bustadområde med tilhøyrande infrastruktur og grøne strukturar. Dette er i tråd med den framtidige kommuneplanen, som er venta vedteken hausten 2024. Talet på bustader og strukturen på desse vil avklarast i samsvar med den overordna planen, men forslagsstillar reknar med mellom 50 og 150 einingar i ein kombinasjon av småhus i tun, einebustader, rekkehus m.m.

Detaljreguleringa vil ikkje verte fremja for første gongs handsaming før den nye kommuneplanen for Sogndal kommune er vedteken. Ein vil utarbeide plan i tråd med overordna plan som vil vere Kommuneplanen sin arealdel for Sogndal kommune 2023-2033 (PlanID: KPL-2023-2033). Planen vil samsvare viss ikkje det skjer nokre endringar i revidering av kommuneplanen.

Konsekvensutgreiing

Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar, grunngjeving går fram av framleggsstillar i vedlegg V5 KU-vurdering bjork nord vedlegg. Kommunen har slutta seg til vurderinga.

Merknader til varsel om oppstart

Me ber dykk om i hovudsak nytta innspelsportalen til merknader eller opplysningar som kan ha betydning for planarbeidet. De vil her og finne meir info, kart mm.

Send merknader til
E-post: regulering.bjork@nordbohus-sogn.no
eller post: Vestland Eigedom  AS, v/ Eirik Rygg, Bordvegen 17, 6854 Kaupanger

Frist for å kome med merknader er sett til 01.09.2024.

Alle mottekne dokument og innspel vil bli oppsummert, kommentert og sendt til Sogndal kommune saman med planframlegget.

Vidare planprosess

Når plankonsulent har utarbeidd eit komplett planframlegg vert det levert til 1. gongs handsaming hjå kommunen. Kommunen sitt faste utval for plansaker kan vedta å legge planframlegget ut til offentleg ettersyn og høyring i 6 veker. I høyringsperioden kan rørde partar koma med merknader og innspel.

Når høyringsperioden er slutt vert planframlegget eventuelt justert, og til slutt levert til 2. gongs handsaming hjå kommunen. Då vert planframlegget først handsama av kommunen sitt faste utval for plansaker og til slutt Kommunestyret som skal gjere det endelege vedtaket.

Plandokument