Føremålet med planarbeidet
Føremålet med planarbeidet er å legge tilrette for oppføring av nybygg/tilbygg for hotelldrift, med tilkomst frå rundkøring Gravensteinsgata/Dalavegen. Planen legg tilrette for at fjordstien kan førast vidare i friområde opp forbi Stedje bru.
Planarbeidet er vurdert til ikkje å verte fanga opp av virkeområdet til forskrift om konsekvensutgreiingar.
Meir informasjon om planarbeidet finn du i planinitiativ og oppstartsmøtereferat
Planinitiativet er ein enkel og førebels forklaring på kva grunneigarar og plankonsulent ønskjer å leggje til rette for i reguleringsplanen. Planavdelinga i kommunen har vurdert planinitiativet då oppstartsmøtereferatet vart gjennomført. Last ned planinitiativ.
I oppstartsmøtereferatet kan du lese meir om korleis saka er vurdert av planavdelinga i kommunen. Her står det óg kva kommunen vil vurdere når utkastet til reguleringsplanen vert sendt inn til politisk handsaming. Last ned oppstartsmøtereferat.
Innspel til planarbeidet
Innspel til varsel om oppstart av planarbeidet kan sendast til
Plankonsulent Vidar Lerum på e-post vidar@vidarlerum.com innan 28.03.2025.
Eventuelle innspel til planarbeidet via brev i posten kan sendast til
Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal
sidan plankonsulent har adresse i utlandet. Me vil vidaresende eventuelle brev til plankonsulent.