Bakgrunn og føremål med planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for bustadutbygging på vestre del av Ulvahaugen, samt bustadar og/eller kontor sør i planområdet (Grushola). Vidare skal planen sikre areal / verdiar for friområde og naturmangfald. 

Det er ikkje avklart kor mange nye bustadar som planframlegget skal legge til rette for. Dette skal avklarast gjennom konsept-utvikling i etterkant av planoppstart.

Storparten av planområdet er allereie utbygt og opparbeidd. Unntaket gjeld for friområdet i nordvest, samt det regulerte bustadområdet i nordaust. Det er etablert avkøyring frå offentleg veg i sørleg del av planområdet. 

I sørleg del av tomta (Grushola) er det etablert kontor- / næringsbygg, samt fleire bygg og funksjonar knytt til kommunal tenesteyting, inkl. brannstasjon. I søraustre del av planområdet er det 4 einebustadar. Nordaustre del av planområdet er avsett til bustadar i gjeldande reguleringsplanar, men dette arealet er ikkje bygd ut per no. Nordvestre del av planområdet er avsett til friområde i gjeldande reguleringsplanar. 

Dalavegen (Fv 5613) passerer på sørsida av planområdet, medan den kommunale vegen Ulvahaugen er tilkomstveg innanfor planområdet. På nordsida av planområdet ligg det einebustadar, medan det mot aust er etablert 5 bustadblokker. På sørsida av planområdet er det studentbarnehage og studentheim. På vestsida grensar planområdet til psykiatrisenteret på Rutlin. 

Planarbeidet føreset ikkje omdisponering av landbruksareal.

Tilhøvet til overordna og gjeldande planar 

I gjeldande kommuneplan for området, arealdel til kommuneplanen for Sogndal kommune 2013-2023 er det aktuelle arealet avsett til sentrumsføremål. Det er også avsett til sentrumsføremål i framlegg til ny arealdel. Det er ikkje gjeve eigne føresegner til dette føremålet i arealdelen. 

Planområdet er regulert i reguleringsplan Studentheimen – Rutlin – Ulvahaugen vedteken i 2001 (planid: 1420-2001003). I planen er området avsett til fleire føremål; bustad, friområde, kommunalteknisk anlegg og kontor. 

Delar av planområdet er regulert i reguleringsplanen Studentheimen – Rutlin – Ulvahaugen vedteken i 2005 (planid.: 1420-20005009). I planen er området avsett til føremåla bustad og friområde.

Planprosess 

Det vart halde oppstartsmøte med kommunen den 12.09.2024, og avklara at med bakgrunn i planinitiativet og referat frå oppstartsmøtet vil kommunen tilrå oppstart av planarbeidet. 

Kommunen har lagt til grunn følgjande for å tilrå oppstart av planarbeidet: -

  • Prosessvedtak i kommunestyret vert førande for planarbeidet og utgreiingar:
    Konsept som ligg til grunn for prosessvedtak er rettleiande , men seier likevel noko om totalt omfang og kva område som toler ei høgare utnytting. Endeleg konsept skal fastsettast i planprosessen, og vere basert på premissa som ligg til grunn i oppstartsmøtereferat og prosessvedtak. 
  • Haugen er eit viktig grøntområde som skal takast omsyn til i planlegginga. 

Planen fører etter kommunen si vurdering ikkje til krav om konsekvensutgreiing etter kap. 4 i plan- og bygningslova eller utarbeiding av planprogram. 

Kommunen har vurdert kven som skal varslast om planarbeidet. Alle kjende grunneigarar/naboar som grensar til eller ligg innanfor planområdet får tilsendt dette varselet. I tillegg vert oppstart av planarbeid annonsert i Sogn Avis og lagt ut på nettsida til Sogndal kommune.

For nærare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til: 
Cornelis Erstad 
telefon 410 43 715 
e-post: cornelis.erstad@norconsult.com 

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du tilskriv: 
Norconsult AS v/Cornelis Erstad 
cornelis.erstad@norconsult.com
Campus Fosshaugane 
Trolladalen 30 
6856 Sogndal 

Vi ber om at ev. innspel til varsel om planoppstart vert sendt skriftleg innan 18.12.2024.

Plandokument