Vedtak i kommunestyret 21.03.2024
«1. Detaljreguleringsplan for fv. 55 Bru over Esefjorden med plankart og føresegner dagsett 09.01.2024 vert vedteke slik det ligg føre. 

Grunngjeving for vedtaket: I denne saka er det lagt vekt på kommunedelplanen sine føringar for etablering av bru. Høyringsprosessen med uttale frå Riksantikvaren visar at justert plassering av bru, frå alternativ 1A til alternativ 2C med ein mindre vinkel, ikkje har vesentlege større konsekvensar for landskapet. Fråviket frå kommunedelplanen er tilstrekkeleg utgreia i reguleringsplanen. Kommunedirektøren støttar hovudgrepa i planframlegget. Me vurderer det mottekne planmaterialet til å vere tilstrekkeleg utgreid og ha tilfredsstillande kvalitet til å bli vedteke slik det ligg føre.»

Kort om planen
Vestland fylkeskommune har utarbeida planen og er framleggsstillar. Føremålet med planen er å legge til rette for ny bru over Esefjorden som eit skredsikringstiltak. Det er regulert areal til ny bru med tilhøyrande anlegg for fortau, anna veggrunn og veg på begge sider av fjorden. Planen inneheld også areal til friområde, eksisterande bustadar, byggegrense langs fjorden, offentleg parkering og mellombelse anleggsområder. 


Det er fire sider med plankart som viser areal på grunnen og over grunnen. Du finn heile plankartet i den politiske saka.

Plankart på sørsida av brua:
 


Plankart på nordsida av brua: 


 

Innsyn i plandokumenta

Alle dokument finn du i den politiske saka, trykk vidare på Detaljreguleringsplan for Fv. 55 Bru over Esefjorden, vel vedlegg og vel dokumentet du vil sjå. I hovuddokument (saksutgreiing) kan du lese kommunen si vurdering av saka. I saksprotokoll finn du sjølve vedtaket. Det er berre føresegner og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan, og dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjon er berre eit eksempel på korleis ein kan utvikle området.  

Plankart med føresegner og planomtale kan skrivast ut eller sjåast på kommunehuset i Sogndal, Gravensteinsgata 17. Opningstida 10:00-14:00. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte tenestetorget på tlf. 57 62 96 00. 

 

Klage og erstatning

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 3 veker og er sett til 23.05.2024. Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord. 

Alle klager og krav om erstatning skal sendast skriftleg til postmottak@sogndal.kommune.no eller med brev til Sogndal kommune, postboks 153, 6851 Sogndal.

Klagen skal vere grunngjeven og klagar må spesifisere kva det klagast over og kva endringar klagar ynskjer. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklårt om klagefristen er utgått, ber vi om at du gjev opp når vedtaket kom fram. Sakshandsamar kan gi rettleiing om framgangsmåten ved klagen. 

Det er tilgang til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42. Etter at klagefristen er ute vil vi orientere forslagsstillaren om eventuelle innkomne klagar på vedtaket. Plan- og samfunnsutvalet og kommunestyret handsamar eventuelle klager på vedtatt reguleringsplan.  

 

Har du spørsmål? 
Spørsmål kan rettast til:

Planleggingsleiar i Vestland fylkeskommune:

Ingar Hals, planleggingsleiar, ingar.hals@vlfk.no 
Tlf. 97473361

Arealplanleggjar i Sogndal kommune:
Linnea Hellstrøm, linnea.hellstrom@sogndal.kommune.no 

Tlf. 468 82 975