Vedtak i plan- og samfunnsutvalet:

«1 Endring av områdereguleringsplan for Kjørnes IV vert vedtatt endra etter enklare prosess med plankart dagsett 20.02.2024 og føresegn dagsett 12.04.2024.

Grunngjeving for vedtaket:

Planendringa medføra at felt B2 i områdeplanen kan utnyttast meir fleksibelt med fleire typer bustadar og lågare tal bueiningar. Delar av areal som i dag er bratt areal regulert til friområde kan nyttast til bustad med tilhørande kvalitetar som uteopphaldsareal og gir betre føresetnad for å etablere leikeplass. Vegutvidinga gjeld areal i ein sving og bidreg til betre sikt og moglegheit til at to bilar kan passere kvarandre. Me vurdera at planendringa bidreg til betre fleksibilitet, gjennomførbarhet og sikring av kvalitetar som støyreduserande tiltak og leikeplass. Planen vil etter endringa framleis vere i tråd med overordna plan. Endringa kan handsamast etter enklare prosess då desse vurderingane ikkje går ut over gjennomføring, hovudramme eller natur- og friluftslivsområder.»

 

Kort om planen 

Norconsult AS har på vegne av Nordbohus AS sendt inn framlegg til endring av områdereguleringsplan for Kjørnes IV etter enklare prosess. Planendring på høyring handla om minimum 6 bueingar i felt B2, erstatting av del av friområdet F2 med bustadareal, utviding av vegareal i svingen aust for felt B2 og etablering av snarveg gjennom B2. Statens vegvesen hadde ein omfattande førebels merknad som gjorde at tiltakshavar reduserte omfanget av endringa. Vestland fylkeskommune ba om lågare utnyttingsgrad, omsyn til born og leikeplass. Endeleg framlegg til planendring gjeld presisering av krav til tiltak mot støy, presisering av krav om leikeplass, minimum 4 bueiningar i felt B2, utviding av bustadareal og vegareal i svingen.

 

Utsnitt av plankart for den delen av områdereguleringsplanen som er endra:

 

Innsyn i plandokumenta

Alle dokument finn du i den politiske saka, trykk vidare på områdereguleringsplan for Kjørnes IV, vel vedlegg og vel dokumentet du vil sjå. I hovuddokument (saksutgreiing) kan du lese kommunen si vurdering av saka. I saksprotokoll finn du sjølve vedtaket. Det er berre føresegner og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan, og dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjon er berre eit eksempel på korleis ein kan utvikle området.  

 

Plankart med føresegner og planomtale kan skrivast ut eller sjåast på kommunehuset i Sogndal, Gravensteinsgata 17. Opningstida 10:00-14:00. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte tenestetorget på tlf. 57 62 96 00. 

 

Klage og erstatning

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 3 veker og er sett til 23.05.2024. Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord. Alle klager og krav om erstatning skal sendast skriftleg til postmottak@sogndal.kommune.no eller med brev til Sogndal kommune, postboks 153, 6851 Sogndal.

Klagen skal vere grunngjeven og klagar må spesifisere kva det klagast over og kva endringar klagar ynskjer. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklårt om klagefristen er utgått, ber vi om at du gjev opp når vedtaket kom fram. Sakshandsamar kan gi rettleiing om framgangsmåten ved klagen. 

Det er tilgang til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42. Etter at klagefristen er ute vil vi orientere forslagsstillaren om eventuelle innkomne klagar på vedtaket. Plan- og samfunnsutvalet og kommunestyret handsamar eventuelle klager på vedtatt reguleringsplan.  

 

Har du spørsmål? 
Spørsmål kan rettast til:

Arealplanleggjar i Sogndal kommune:
Linnea Hellstrøm, linnea.hellstrom@sogndal.kommune.no 

Tlf. 468 82 975