Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggje til rette for fortetting i eit eksisterande bustadområde i Navarsetevegen i Sogndal sentrum, med til saman 7 bueiningar.
Vedtak i kommunestyret 15.02.2024:
- Detaljreguleringsplan for Hagebytunet, arealplan-ID 4640-2021006 vert vedteke i medhald av plan- og bygningslova § 12-12, med plankart datert og føresegner datert 17.01.2024.
- Føresegn § 6.1.9 vert omformulert til følgjande:
- «Dersom felt B1-B3 vert realisert som tre einebustader, skal arealet UTE inngå i tilgrensande bustadtomt som privat uteopphaldsareal, i tråd med framlegg til tomteinndeling vist i situasjonsplan datert 19.01.2024. Arealet skal ikkje bebyggast. Føresegner knytt til opparbeiding av UTE, inkl. rekkefølgjeføresegn fell då bort, og det skal ikkje gjevast løyve til seksjonering/oppføring av fleire bueiningar innanfor kvart felt. Hybel tilknytt eigen bustad er tillete.»
- Føresegnene vert oppdatert med dokument som får juridisk verknad gjennom tilvising i føresegnene på følgjande punkt:
- Situasjonsplan med tre einebustadtomter, datert 19.01.2024 vert lagt til som juridisk dokument.
- VAO-rammeplan vert oppdatert med dato tilsvarande siste versjon.
Plandokument:
Plankart (pdf) oppdatert etter vedtak
Føresegn (pdf) oppdatert etter vedtak
Planomtale (pdf)
Saksprotokoll (pdf)
Alle dokument finn du også i den politiske saka, sak 9/2024. Vel vedlegg og vidare til dokumenta du vil sjå. I hovuddokument (saksutgreiing) kan du lesa kommunen si vurdering av saka. I saksprotokoll finn du sjølve vedtaket. Det er berre føresegner og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan, og dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjon er berre eit eksempel på korleis ein kan utvikle området.
Plankart med føresegner og planomtale kan skrivast ut eller sjåast på kommunehuset i Sogndal, Gravensteinsgata 17 (Opningstid 10:00-14:00). Dersom du ønskjer kopi eller utskrifter, ta kontakt med tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.
Eventuelle klagar:
Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 tre veker, og sett til 28. mars 2024.
Klage må rettast skriftleg til Sogndal kommune, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til Postboks 153, 6851 Sogndal.
Erstatning/innløysing:
Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.