Tilskotet er satt saman av to delar:
- Grunntilskot til alle lag og organisasjonar som fell under ordninga
- Medlemstilskot i form av eit beløp for kvart aktive betalande medlem mellom 6 – 26 år.
Det er eitt felles søknadsskjema for grunntilskot og medlemstilskot.
Lag og organisasjonar som blir etablerte i søknadsåret, kan søka prosjekttilskot i staden for driftstilskot til lag og organisasjonar.
Føremål
Fast driftstilskot skal bidra til å dekka laga og organisasjonane sine generelle driftsutgifter. Det skal bidra til å jamna ut skilnader og redusera belastninga for særleg kostnadskrevjande aktivitetar.
Det er ein føresetnad at lag og organisasjonar som mottek tilskot jobbar aktivt med å rekruttera nye deltakarar. Det er også ein føresetnad at tilskotsmottakar jobbar aktivt for å nå kommunen sine mål om livskvalitet, skaparkraft og miljømedvit.
Tilskotet gis etter særskilte satsar, sjå "Kor mykje kan eg søka om"?
Kven kan søke?
Alle frivillige lag og organisasjonar som har faste fritidsaktivitetar retta mot barn og unge mellom 6 – 26 år kan søkje om driftstilskot.
Organisasjonen må vera registrert i Frivillighetsregisteret til Brønnøysundregistrene. Ordninga gjeld ikkje FAU-ar, trus- og livssynssamfunn, politiske organisasjonar, frivilligheitssentralar og kommunale ungdomsklubbar. Studentorganisasjonar på Campus Sogndal kan søka, men ikkje linjeforeiningar. Ordninga gjeld ikkje organisasjonar sine fylkes- og regionsledd.
Krav til søknad
Søknaden må innehalda:
- Tal aktive og betalande medlemmar i organisasjonen/laget
- Budsjett for inneverande år
- Rekneskap for føregåande år
- Årsmelding/rapport for føregåande år, der aktivitetsnivået i organisasjonen kjem fram
Søkjar må kunne dokumentera at alle medlemmane står oppført i eit medlemsregister ved førespurnad
Kor mykje kan eg søka om?
- 5 000 kroner i grunntilskot til alle organisasjonar som kvalifiserer for tilskot.
- 200 kroner i medlemstilskot per aktive og betalande medlem mellom 6 – 19 år.
- 50 kroner i medlemstilskot per aktive og betalande medlem mellom 20 – 26 år.
Eitt medlem kan vere registrert i fleire aktivitetar/grupper i same organisasjon og løysa ut medlemstilskot per aktivitet/gruppe. Det gis ikkje tilskot til støttemedlemmar.
Enkelte aktivitetar har særskilte satsar for grunntilskot:
- 35 000 kroner per korps og orkester
- 5 000 kroner ekstra til organisasjonar som tilbyr allidrett/barneidrett som særskilt aktivitet
- 5 000 kroner ekstra til organisasjonar som tilbyr aktivitet særskilt tilrettelagt for funksjonsnedsette
Andre organisasjonar kan vurderast for særskilt sats dersom særlege tilhøve tilseier det. Tilskotet blir indeksregulert kvar år. Dersom søknadsmengda er større enn budsjettert ramme, har grunntilskot høgare prioritet enn medlemstilskot, og kommunen står fritt til å justera satsen på medlemstilskotet.
Krav til rapportering
Kommunen anser vedlegg til neste års søknad som rapport for fjoråret.
Dersom det ikkje vert søkt om tilskot påfølgande år, skal årsrapport og revidert rekneskap sendast til Sogndal kommune innan 1. juni året etter at tilskotet blei gitt.
Vurdering av søknaden
Kommunedirektøren har delegert mynde frå kommunestyret til å tildela tilskotet.
Tildeling av tilskot, samt rapportering, skal skje i tråd med vedtekne retningsliner og innanfor ramma av tilskotsordninga fastsett i årsbudsjettet. All tildeling skal vera skriftleg og saka skal dokumenterast i arkiv. Alle søkarar som oppfyller kriteria for ordninga, får tilskot.
Slik sender du inn søknad
Søknad og vedlegg skal sendast inn via søknadsskjema på Sogndal kommune sine nettsider: Driftstilskot til barn og unge - Søknad om (4640) (kf.no)