Kantvegetasjon

Kantvegetasjonen langs vassdrag er av stor verdi, og har mange viktige funksjonar for naturen og menneskje. Det er difor ikkje lov å fjerne kantvegetasjon utan løyve frå Statsforvaltaren.

Langs alle vassdrag med årssikker vassføring skal det oppretthaldast eit naturleg belte av kantvegetasjon, jf. vassressurslova § 11.

Kva er kantvegetasjon?

Kantvegetasjon er blant anna leveområde til mange dyr og planter, og er ein viktig del av næringsgrunnlaget for mange artar. Vegetasjonen langs vassdraga fungerer òg som vandrings- og spreiingskorridor for fleire artar som insekt, fugl og hjortedyr.

Kantvegetasjon bidreg og til å fange opp næringssalt og kan redusere avrenning til vassdrag. Den kan redusere erosjon langs elve- og innsjøbreidder. Røter av tre og busker bind og held på jorda, og eit breitt belte av kantvegetasjon kan redusere skader ved flaum. Blant anna ved at mindre vatn når inn på dyrka mark eller inn til busetnad.

Kven er ansvarleg for kva?

  • Grunneigar er ansvarleg for å oppretthalde kantvegetasjonen.
  • Kommunen skal ivareta kantvegetasjonen i planlegginga etter plan- og bygningslova, fastsette breidda på kantvegetasjonen om nokon krev det etter vassressurslova, og ivareta kantvegetasjon i handsaming av saker etter nydyrkingsforskrifta.
  • Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle gje løyve til å fråvike kravet om å oppretthalde kantvegetasjon. Som regel er det då snakk om løyve til mellombels fjerning, med vilkår om reetablering av kantvegetasjonen etterpå.
  • NVE følgjer opp brot på vassressurslova § 11 om kantvegetasjon. Og har verkemiddel som pålegg om retting, tvangsmulkt, overtredelsesgebyr og stans av ulovleg verksemd.

Hugs at fjerning av kantvegetasjon er søknadspliktig. Søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller til sfvlpost@statsforvalteren.no

For meir informasjon sjå nettsida til Statsforvaltaren i Vestland

Framande artar

Framande artar vert rekna som ein av dei største truslane mot det biologiske mangfaldet både globalt og nasjonalt. Ein framand art som får etablere seg i nye områder er ein trussel for det stadeigne naturmangfaldet på fleire måtar. Dei konkurrera med andre artar om næring eller leveområde, dei påverka nøkkelartar i økosystemet negativt. Dei kan vere berar av parasittar og sjukdommar og kan endra strukturen på naturtypar.

Ein framand art er ein art som menneske har flytta frå sitt utbreiingsområde til stadar der den ikkje naturleg høyrer heime. Nokon av desse artane kan bli invaderande, og føre til stor skade på det biologiske mangfaldet.

Brosjyre om hagerømlingar (2021)

Liste over planter, dyr og andre organismar som ikkje finns naturleg i landet finn du på Fremmedartslista 2023 - Artsdatabanken

Nokre planter som er eller kan bli problemartar i vår kommune:

  • Parkslirekne
  • Hagelupin
  • Kjempespringfrø
  • Kjempebjørnekjeks
  • Rynkerose
  • Mispel

Korleis kan du bidra?

Mange privatpersonar ynskjer å bidra til å ta vare på naturen, og det er fleire ting du kan gjera. Eit viktig utgangspunkt er å ha kunnskap om kvifor framande artar truga norsk natur. Det er og viktig å ta beviste val kring dette, og å hindra at framande arta spreia seg og gjer skade på naturen.

Hageeigarar og andre kan vere med å hindra vidare spreiing av hageplanter til naturen ved å:

  • Ikkje plante ut risikoartar
  • Vurdera å fjerne slike artar frå eigen hage, eller hindre spreiing ved å luke eller hindre frøsetting
  • Ikkje kast hageavfall i naturen, men levere dette til godkjent mottak

Sjå Fremmede arter - miljodirektoratet.no for korleis du kan bidra.