Kurstilbod
Stressmeistringskurs: For deg som opplev ein kvardag prega av høgt stressnivå, som kjenner på auka irrabilitet, indre uro, muskelplager eller andre stresssymptom. På kurset lærer du om kva stress er, korleis negativt stress kan påverke kvardagen, og du får opplæring i verktøy ein kan nytte seg av for å handtere og redusere negativt stress. På kurset får du utdelt arbeidsark med informasjon og oppgåver. Kurset består av ei samling på 3 timar, og er eit samarbeid mellom RPH Sogndal og Frisklivssentralen Sogn. Kursleiarane har bakgrunn som kognitiv terapeut, helserådgjevar. Har du spørsmål kan du ringe RPH på tlf. 90 71 55 45 alle kvardagar mellom kl 09:00-14:00, ein av oss i Frisklivssentralen, eller melde deg på ved å følge påmeldingslenke til kurs i stressmeistring.
Hverdagsglede-kurs: her får du kunnskap, inspirasjon, råd og hjelp til å øve på fem grep som kan gi deg ein betre kvardag og høgare livskvalitet. Kurset går over seks samlingar, og er samansett av undervisning, samtalar og heimeoppgåver. Dette er enkle grep som kan vera nyttig for alle å ha med seg i livet. Klikk her for lenke til kortfilm av dei fem grepa. Påmeldingslenke til kurs i Hverdagsglede
Søvnkurs: For deg som har utfordringar med søvn og ønskjer å gjera noko med det. Målet er at du skal lære om søvn og gode søvnvanar, bli meir nøgd med søvnen din, og sova betre. På kurset får du auka kunnskap og ulike verktøy for vidare arbeid med søvn. Påmeldingslenke til Sov godt-kurs.
Bra mat-kurs: Eit inspirerande kurs som hjelper deg å bli meir medviten om eigne matval og vanar. Kurset passar for deg som ønskjer å gjere endringar i kosthaldet og få betre struktur i kvardagen. Du får kunnskap om måltidssamansetjing, måltidsrytme, matvaregrupper og korleis lese varedeklarasjonar, samt praktiske råd og verktøy for eit sunnare kosthald. Målet er at du etter kurset skal kjenne deg tryggare på å ta gode matval tilpassa din livsstil og mål. Kurset går over seks (sju) samlingar, med praktisk matlaging på ei av samlingane.
Ta kontakt om du lurer på noko eller vil melde deg på kurs.
KOLS-rehabilitering:
Sogndal kommune gir tilbod om rehabiliteringsprogram for personar med diagnosen KOLS. Det arrangerast på Sogndal helse og omsorgssenter (SHOS) og føregår i grupper på maks 10 deltakarar, men òg med individuelle samtalar og rettleiing. Ein dag i veka vil det vere undervisning og to dagar i veka med trening. Ulike faggrupper som lege, fysioterapeut, sjukepleiar og ergoterapeut er tilknytt kurset. Dette er for deg som har ein lungesjukdom og opplever tung pust, hoste og eventuelt slim, og at dette begrensar deg i kvardagen din.
Målet med programmet er at du skal leve best mogleg med lungesjukdomen ved å få auka kunnskap og innsikt i eigen sjukdom, meistre livssituasjon din betre, få auka evne til å klare dei daglege aktivitetane og bli motivert til fysisk aktivitet.
Du vil få læra meir om
- pusteteknikk
- trening
- korleis tilpasse behandling etter form
- korleis meistre stress
- gode matvanar
- korleis gjere kvardagsaktiviteter på ein enklare og effektiv måte
- korleis bruke energien du har på ein smart måte
- korleis ta medisin slik at du får best effekt
Kurset går over 7 veker. Neste kurs vår 2027.
Ta kontakt med fastlegen din eller med Frisklivssentralen for å bli registrert på venteliste!
Sjølvhjelp:
- ..eit sunnare kosthald
- ..eit meir fysisk aktivt liv
- ..ein tobakksfri kvardag
- ..betre søvn
Kom i gang på eiga hand! Helse Norge har samla gode kvardagsråd og kunnskapsbaserte apper og verktøy som gjer det lettare å få til ei endring. Sjekk ut HelseNorge si "Lev" på: https://www.helsenorge.no/lev
