Ynskjer du støtte på vegen til å gjera endringar i kosthaldet ditt?
Hjå Frisklivssentralen Sogn kan du få individuell rettleiing og oppfølging over 12 veker.
Saman med deg legg med ein plan for korleis du kan ta vare på gode vanar og gjere dei endringane som må til for at du kan få eit betre kosthald. Små steg kan gi store forandringar over tid!
I rettleiing og undervisning tek med utgangspunkt i gjeldande kosthaldsanbefalingar frå Helsedirektoratet.
Vil du vite meir om kosthald og få inspirasjon kan du sjå Helse Norge sine nettsider om kosthald og ernæring
Bra mat-kurs!
Eit inspirerande kurs som hjelper deg å bli meir medviten om eigne matval og vanar.
Kurset passar for deg som ønskjer å gjere endringar i kosthaldet og få betre struktur i kvardagen.
Du får kunnskap om måltidssamansetjing, måltidsrytme, matvaregrupper og korleis lese varedeklarasjonar, samt praktiske råd og verktøy for eit sunnare kosthald.
Målet er at du etter kurset skal kjenne deg tryggare på å ta gode matval tilpassa din livsstil og mål.
Kurset går over seks (sju) samlingar, med praktisk matlaging på ei av samlingane.
