Undersøking

Fysioterapeuten har god kompetanse på kartlegging av funksjon og undersøking av muskel/skjelettsystemet. Terapeuten kartlegg innleiingsvis gjennom samtale, bevegelseanalyse og muskelleddundersøking. Terapeuten vurderar ditt funksjonsnivå og tilpassar saman med deg eit opplegg anten individuelt og/eller i gruppe.

Eigeninnsats

Eigeninnsats i behandlingsperioden aukar sjansen for eit vellykka sluttresultat. Alt du gjer mellom avtalane med fysioterapeut er viktigare enn det du gjer den korte tida du er saman med fysioterapeuten.

Her kan du få tips og råd til kva du kan gjere medan du ventar (lenke ikkje aktiv, men blir snart publisert).

Ventetid

Fysioterapitenesta må prioritera ut frå diagnose og alvorlegheitsgrad. Barn, nyopererte og større akutte skadar vert prioriterte og kjem til raskt. Skadar og plagar av mindre alvorlegheitsgrad må rekna med noko ventetid. 

Betaling

Fysioterapitenesta består av kommunalt tilsette fysioterapeutar og private fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen. Eigenandel for pasient er lik i heile fysioterapitenesta og er med i frikortordninga. Barn under 16 år er friteke for betaling. Du kan lese meir om frikortordninga på helsenorge.no