Fysisk aktivitet – den beste medisin
Regelmessig fysisk aktivitet har ei rekke positive effektar på helsa vår, også når vi har vondt. Fysisk aktivitet vert definert som all kroppsleg bevegelse initiert av skjelettmuskulatur som aukar energiforbruket utover kvilenivå. Fysisk aktivitet kan dermed vere alt frå gåing, sykling, hagearbeid, til å reise seg frå stolen og gå ein runde rundt stova. Tenk over kva som gir deg energi eller glede, og prøv ut kva du kan klare å få til med dine utfordringar. Om du klarer å vere i ein aktivitet som gjer deg litt andpusten er det veldig bra. Om plagene begrenser deg, er det betre å ha fleire korte økter enn ei lang. Det er heilt vanleg og kjenne noko smerter både under og etter aktivitet.
Du kan lese meir om anbefalingar og gode tips på heimesida til Helse Norge
Smertelindring
Smerter frå muskulatur og sener responderer ofte godt på anten kulde- eller varmebehandling. Senesmerter i overfladiske ledd som fingre, handledd, alboge, skulder, kne og anklar er lette å kjøle ned med isposar. Du får kjøpt ispose på t.d. apotek, men kan også lage din eigen med ein pose frosne erter. Kjøl ned det aktuelle området i 15-20 min x 3 pr dag. Hugs å legge eit kjøkkenhandkle nærmast huda slik at du ikkje får frostskadar. Ein varm dusj, varmt bad eller varmepakningar frå apotek kan lindre muskulære smerter frå skulder/nakke og rygg.
Reseptfrie smertestillande kan også vere hensiktsmessig å bruke dersom smertene hindrar deg i å vere i bevegelse eller øydelegg søvnen.
Video: Smerte forklart på 5 minutter.
Søvn
God søvn er viktig for den fysiske og psykiske helsa, og for å handtere smerte betre. Søvnproblem kan ofte førebyggast ved gode søvnrutiner.
- Legg deg og stå opp til omtrent same tid kvar dag. Unngå å sove på dagtid.
- Sørg for regelmessig mosjon slik at du blir trøytt om kvelden, men unngå høg aktivitet dei siste par timane før leggetid.
- Unngå sterkt skjermlys seint på kvelden.
- Ikkje legg deg svolten, men unngå tunge måltid for seint.
- Soverommet bør vere svalt, godt utlufta og mørkt.
Her kan du lese meir om gode råd til deg som slit med søvnen. Frisklivssentralen tilbyr regelmessige Sov godt-kurs basert på forsking. Besøk heimesida til Frisklivssentralen.
Psykisk helse
- Ønskjer du kontakt med nokon?
Rask psykisk helsehjelp er eit gratis korttidstilbod til deg med lettare former for angst, depresjon, rusproblem og søvnvanskar. Her kan du få hjelp til å endre tankemønster og åtferd som skapar vanskar for deg i kvardagen. Les meir om tilbodet og korleis du tek kontakt på Heimesida til Rask psykisk helsehjelp.
- Hvardagsglede - styrke psykisk helse
Det finst grep ein kan gjere for å styrke eiga psykisk helse. Internasjonal forsking viser at kva me gjer har stor effekt på korleis me trivst i kvardagen, og små steg kan føre til sotre endringer. Les meir om dette og dei fem grepa for auka kvardagsglede på denne nettsida: https://psykiskhelse.no/kurs/hverdagsglede/. Frisklivssentralen arrangerer kurs i “Hverdagsglede": påmeldingslenke til kurs i "Hverdagsglede.