Tilbod: 

Frisklivssentralen Sogn arrangerar kurs i Hverdagsglede. 

  • Kurset er basert på forsking som syner at kva vi gjer er av stor viktigheit for korleis me trivst i kvardagen.
  • Det finst fem viktige grep alle kan gjere for å fremje eigen psykisk helse, livskvalitet og førebygge psykisk sjukdom. 
  • Gjennom kurset får ein råd, inspirasjon og hjelp til å øve på teknikkar som styrker dei fem grepa, og som vil gi deg ein betre kvardag og høgare livskvalitet. 
  • Kurset går over seks kursdagar, og kvar vekentlege økt varar i 2-2,5 t.
  • Etter kvar økt får du ei øvingsoppgåve til neste gong.  

Sjå denne fine videoen om dei fem grepa, og få ein smakebit på kva du vil lære meir om på kurset: Video om dei fem grepa for auka  kvardagsglede

Neste kurs: Sogndal: 5. mars, 12. mars, 19. mars, 2. april, 9.april og 16. april. Kl.13-15. Følg lenke for å melde deg på: Påmelding til kurs i "Hverdagsglede".

Andre tilbod

Dersom dette ikkje er noko for deg kan me også hjelpe deg vidare om du ynskjer kontakt med psykisk helseteam, eller rask psykisk helsehjelp i din kommune. Hjå "Rask psykisk helsehjelp" kan du få tidleg behandling og hjelp for å førebygga sjukdomsutvikling slik at problema ikkje utviklar seg. Me på Frisklivssentralen Sogn samarbeidar med psykisk helseteam og rask psykisk helseteneste i begge kommunane og kan hjelpe deg å komme i kontakt. Du kan også ta kontakt sjølv:
Luster, psykisk hele og rus
Sogndal, rask psykisk helsehjelp