Målet med behandlinga hjå oss er at du skal læra deg teknikkar for å handtere vanskelege følelsar og tankar på ein meir hensiktsmessig måte. Det er ulike måtar å læra dette på. Dei fleste som tek kontakt med oss vil få tilbod om kurs. Nokon vil ha behov for vidare oppfølging etter kurset. Ein vil då kunne få tilbod om rettleia sjølvhjelp med oppfølging over telefon. Nokon få vil ha behov for ytterlegare individuelle samtaler.
Dei ulike tilboda tek utgangspunkt i kognitiv åtferdsterapi. Du deltek sjølv aktivt i behandlingsprosessen, derfor er det viktig med høg grad av motivasjon og ynskje om endring for å kunne nyttiggjere seg av tilbodet.
Tilbodet kan passe for deg som
- er trist og nedstemt over lengre tid
- har angst for sosiale situasjoner
- opplev ofte panikkanfall
- opplev å stresse mykje i kvardagen
- slit med grubling og bekymring
- ynskjer å utforske og eventuelt endre dine rusvaner
Depresjon og angst er vesentleg årsak til sjukefråvær og redusert livskvalitet. I slike tilfelle er det lurt å oppsøke hjelp tidleg, slik at problema ikkje utviklar seg.
Tilbodet er ikkje eigna dersom du
- ynskjer langvarig oppfølging i form av støttesamtalar
- har alvorleg grad av angst, depresjon, søvnvanskar og/eller rusproblem
- har komplekse og samansette utfordringar som har vart over tid
Kurstilbod: Framdrift – korleis bli din eigen kognitive terapeut
Kurset Framdrift er eit innføringskurs i kognitiv åtferdsterapi.
Kurs hausten 2024:
Me har to kursrundar igjen før nyttår. Kurset har fire samlingar der dei tre fyrste samlingane varar i to timar og det siste varar i tre timar.
Neste kurs startar 30.okt kl.12.30-14.30. Dei påfølgjande datoane for kurset er, 6.nov, 13.nov og 20.nov. Siste samlinga er frå kl.11.30-14.30.
Siste kurs før jul startar opp 27.nov kl.12.30. Dei påfølgjande datoane er 3.des, 11.des og 18.des. Meld dykk på i god tid via søknadskjemaet vårt her på sida, eller ta kontakt med oss på tlf.
Om kurset:
Ved å delta på kurset vil du læra deg teknikkar for å handtere vanskelege følelsar og tankar på ein meir hensiktsmessig måte. Du får utdelt ei arbeidsbok med relevante heimeoppgåver som er nyttige for å teste verktøya i praksis, og få det til å passe med dine utfordringar og kvardag. For å få utbytte av kurset, eller behandling forøvrig, forutset det at du set av tid til å jobbe med materialet mellom kursdagane. Det er først gjennom øving at teori kan bli omgjort til praksis i eige liv.
Kurset går vanlegvis over fem samlingar og varer i to timar kvar gong.
Kurstilbod: Stressmeistring
Opplev du ein kvardag prega av høgt stressnivå? Kjenner du på auka irritabilitet, indre uro, muskelplager eller andre stressymptom? Då kan dette kurset vera noko for deg!
Kurset består av to samlingar på 2 timar
Siste kurs i 2024 startar 7. november med påfølgjande samling 14. november
Stad: 3. etg. Sogndal helse- og omsorgssenter, Stitoppen
Korleis melder eg meg på kurset?
Du melder deg på ved å fylle ut påmeldingsskjema til frisklivssentralen.
Lær om kva stress er og korleis langvarig negativt stress kan påverke kvardagen din
Bli kjend med verktøy ein kan nytte seg av for å handtere og redusere negativt stress
Du kan få teste ut yoga og kjenne på korleis ein kan nytte det som eit verktøy for å redusere stress.
På kurset får du utdelt arbeidsark med informasjon og oppgåver. På andre kurssamling får du tilbod om å delta på yogatime i forkant av kurset, dette er valfritt om ein ynskjer å delta på.
Kven er kursleiarane?
Kurset er eit samarbeid mellom RPH Sogndal og Frisklivssentralen Sogn. Kursleiarane har bakgrunn som kognitiv terapeut, helserådgjevar samt yogainstruktør.
Har du spørsmål, kan du ringe RPH på tlf. 90 26 22 03 (tysdagar og torsdagar kl. 12-14) eller Frisklivsentralen tlf. 40434816 (tysdag-fredag kl. 08-15).
Individuell behandling
Rettleia sjølvhjelp/internettbasert behandlingsprogram
Rettleiia sjølvhjelp (assistert selvhjelp) er eit digitalt behandlingsprogram der du arbeider med sjølvhjelpsprogram heime, samtidig som du får rettleiing frå din terapeut over telefon kvar veke. Eit behandlingsprogram varer i ca. 6 veker. Sjølvhjelpsprogramma gir auka kunnskap og kjennskap til ulike teknikkar for å handtere psykiske utfordringar.
Sjekk ut Mestringsverktøy – Assistert Selvhjelp. Her kan du lesa meir om kva rettleia sjølvhjelp er og sjå dei ulike sjølvhjelpsprogramma du kan bruka saman med oss.
Individuelle samtalar
Nokon få vil ha behov for individuelle samtaler. Då tilbyr me eit strukturert kortvarig behandlingsopplegg med utgangspunkt i kognitiv åtferdsterapi.
Samtaletilbod om alkohol- og/eller rusbruk
Ynskjer du å utforske eigne vanar knytt til alkohol og/eller andre rusmidler? Då kan vårt samtaletilbod vera noko for deg. Me minner om at me har teieplikt og fokuserer på dine ynskjer og mål.
Me tilbyr samtaler og kan:
- Utforske rusvanane dine saman med deg
- Ha endringsfokuserte samtaler
- Bistå i å få kontakt med øvrig hjelpeapparat om du ynskjer det.
Om du er bekymra for nokon sin rusbruk og ynskjer ein uforpliktande samtale for rettleiing/råd, ring oss gjerne på telefon 90 26 22 03 (telefontid 12-14 tysdagar og torsdagar)
Behandling for søvnproblem
Me kan alle oppleve dårleg søvn i perioder, men hjå mange er søvnproblema tilstades nesten kvar natt og over lengre tid. Søvnproblem påverkar oss både privat, på jobb eller i studiekvardagen. Visste du at over 10 % av befolkningen har søvnvanskar i form av insomni? Og at det er godt dokumentert behandling for det? Kognitiv åtferdsterapi er anbefalt behandling ved insomni, med god vitskapleg dokumentasjon. Me tilbyr individuelle behandlingsforløp for insomni.
Kva er insomni?
Ved insomni vil ein ha vanskar med innsovning eller å oppretthalde søvnen. Nokon har problem med innsovning, andre med oppvåkningar på natta og nokon har problem med tidleg oppvakning om morgonen. Ved insomni vil ein oppleve svekka dagleg funksjon og nedsatt livskvalitet.
Korleis ser behandlingstilbodet ut hjå oss?
Del 1: Forståelse av søvnproblem og kartlegging av søvnmønster
Her får du informasjon om korleis ein kan forstå søvnproblem og me kartlegg søvnhygiene og du blir introdusert for søvndagbok. Du får utdelt ei arbeidsbok for kognitiv åtferdsterapi ved insomni. Om du ynskjer å få eit innblikk i korleis arbeidsboka ser ut, sjekk ut her; arbeidsbok individuell behandling insomni nettutgave.pdf (godtsagt.dev)
Del 2: Aktiv behandlingsfase
Her jobbar me med to hovudprinsipp i behandlinga, stimuluskontroll og søvnrestriksjon.
Del 3: Mentale strategier
Her fokuserer me på den indre dialogen med fokus på korleis handtere kvernetankar.
Del 4: Oppsummering og vegen vidare
I avsluttande fase vil me fokusere på strategier for vedlikehald av god søvnkvalitet.
Tidsbruk: Forløpet er lagt opp til totalt ni behandlingstimer, men du og din behandler vil tilpasse forløpet etter ditt behov.
Kva andre søvnlidelsar er det?
I tillegg til insomni finnes det fem andre typar av søvnlidingar. Du kan lese meir om det under her. Om du lurer på om du kan ha ein av dei andre søvnlidingane, ta kontakt med oss for å drøfte det eller ta kontakt med fastlegen din.
Døgnrytmeforstyrrelser: Her er det manglande balanse mellom eins faktiske og ønska søvn-våkenheitsrytme. Ved døgnrytmeforstyrrelse er det ikkje noko galt med sjølve søvnen, men plasseringen av søvnen i døgnet kan gjere at ein får vanskar med å fungere sosialt, på skulen eller på jobb.
Søvnrelaterte respirasjonsforstyrrelser: Her blir søvnen dårleg grunna åndedrettet blir forstyrra når ein søv. Mange er ikkje klar over problemet då pustestoppa skjer medan ein søv.
Hypersomni: Kjenneteikn er søvnigheit på dagtid eller påfallande stort søvnbehov. Eit døme på dette er narkolepsi, med sjukeleg søvntrang og uimotståelege anfall av søvnigheit på dagtid.
Parasomnier: Kjenneteiknast av aktivering i hjernen under søvn som forårsaker uønska handlinger eller opplevingar. Det inkluderer søvnlidingar som søvngjengeri, anfall med natteskrekk og marerittliding.
Søvnrelaterte bevegelsesforstyrrelser: Her er ein prega av urolege bein og periodiske beinbevegelser under søvn. Forstyrrelsane fører til innsovningsproblem, uroleg søvn og oppvåkningar.
Kva skjer etter du har teke kontakt
Etter motteke kontaktskjema tek me kontakt med deg på telefon innan to veker. I denne samtalen vil me saman med deg gjere ein vurdering på om me er rett tilbod for deg, og vidare kva tilbod hjå oss som er riktig for deg. Dersom det syner seg at me ikkje er rett tilbod for deg, vil me kunne gi råd og lose deg vidare til rett teneste.
Maria, Jone, Heidi Marie og Helga jobbar i rask psykisk helsehjelp. (Foto: Sogndal kommune) |
Kven er me?
Me er eit tverrfagleg team som består av psykiatrisk sjukepleiar, sosionom og psykolog. Alle har vidareutdanning i kognitiv åtferdsterapi, som er behandlingsmetoden til Rask psykisk helsehjelp. Når det er hensiktsmessig, samarbeider teamet med andre instansar etter avtale med deg.