tysdagar frå kl. 18-20.00 er det kveldsmat og sosialt på Fjøratreff i Frivilligsentralen i Fjørevegen 17 - i lyse lokale med flott fjordutsikt. I tillegg har me av og til quiz, spelekveld eller andre aktivitetar. Tilbodet er for alle vaksne i Sogndal og nabokommunane. Det er gratis, utan påmelding, og du kan komme innom ein liten tur eller vere heile kvelden. Alle er velkomne!

Følg med på aktivitetskalendaren Kva Skjer for å få med deg kommande arrangement. Du kan også følge Fjøratreff på Facebook eller Fjoratreff på Instagram. 

Bli med?

Fjøratreff drivast gjennom eit samarbeid mellom kommunen og frivillige; Frisklivssentralen, Psykisk helse og rus, Frivilligsentralen, Røde Kors omsorg, Bygdekvinnelaget, og andre frivillige. Me er heilt avhengige av samarbeid og frivillige krefter, har du også lyst til å bli med på laget blir vi glade om du tar kontakt! Om du ynskjer å bidra med program ein enkelt kveld (lære bort noko, dele ei historie, lage mat etc.) høyrer vi også gjerne frå deg!

 

Fjørevegen 17