Kven kan søkje?
- Du må ha eit særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen
- Omsorgsarbeidet bør vere av eit omfang som gjer at du heilt eller delvis ikkje har moglegheit til å stå i arbeid
- Den hjelpetrengande må ynskje at du skal stå for hjelpa
Kva er særleg tyngande omsorgsarbeid?
Omsorgsarbeidet må vere av eit betydeleg omfang for at det skal reknast som særleg tyngande. Kommunen legg mellom anna vekt på følgjande punkt ved vurdering av søknad:
- Kor mange timar omsorg du gir per månad
- Om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
- Om omsorgsarbeidet inneberer mykje arbeid på natt eller gir deg avbrot i nattesøvn
- Om det er behov for omsorgsarbeid i periodar eller heile tida
- Om omsorgsarbeidet fører til isolasjon og mangel på ferie og fritid
- Om du har omsorgsplikt for den du gir omsorg til, altså om det er ditt mindreårige barn
- Om du taper inntekt som følgje av den omsorga du gir
- Kor lenge omsorgsarbeidet har føregått, eller kor lenge det er forventa å vare
Kva krevst for å bli innvilga omsorgsstønad?
- Den hjelpetrengande må bu heime.
- Omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngande og må gjelde naudsynte oppgåver. Du kan berre få omsorgsstønad for å utføre omsorgsarbeid som kommunen elles hadde teke seg av.
- Det må vere søkt om hjelpestønad frå NAV https://www.nav.no/hjelpestonad.
- Dersom søknaden gjeld omsorg for barn, må omsorga klart overstige vanleg omsorg for barn på same alder.
Slik søkjer du
Du kan sende inn søknad via digitalt/ elektronisk søknadsskjema: Pleie- og omsorgstenester - Søknad om (KF-158-4640)
Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med tildelingskontoret i telefontida.
Korleis blir søknaden handsama og kor lang tid tek det?
- Det er tildelingskontoret som handsamar søknaden din.
- Tildelingskontoret vil ta kontakt med omsorgsytar og den hjelpetrengande for å kartlegge hjelpebehovet. Du kan bli bedt om å fylle ut eit døgnklokkeskjema, som viser ditt hjelpebehov gjennom døgnet. Det kan også vere aktuelt å avtale heimebesøk for kartlegging.
- Du får tilsendt eit vedtak når saka er ferdigbehandla. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan 4 verer, vil du få ei skrifteleg melding om dette.
Klagerett
Både den hjelpetrengande og omsorgsytaren kan klage på vedtaket. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket. Klaga skal sendast til kommunen. I klaga bør du nemne kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom kommunen let vedtaket stå, vil saka bli oversendt til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.