Hjelp og støtte til å meistre eigen situasjon kan vere viktig for mange. I Sogndal kommune er det fleire stader du kan ta kontakt dersom du treng nokon å snakke med.
Vedtak om pårørandestøtte frå kommunen
Dersom du gir omsorg til nokon som treng det, kan du be om at kommunen skal setje inn tiltak som gjer omsorgsbyrda di lettare. Dei ulike tiltaka kommunen kan setje inn, blir kalla pårørandestøtte.
Omsorgsstønad, avlastingstiltak og opplæring/ rettleiing er døme på pårørandestøtte.
Korleis søkje om pårørandestøtte
Du kan sende inn søknad via
- digitalt/ elektronisk søknadsskjema
- søknadsskjema i papirformat
Gå til skjema du kan skriva ut
I søknaden er det fint om du gir oss informasjon om kva utfordringar den du gir omsorg til har, kva oppgåver du utfører og omfanget av hjelpa. Det er også fint om du prøver å forklare på kva måte omsorga du gir er belastande på deg. Hugs at du må innhente samtykke frå den du gir omsorg til, før du sender inn søknad (dersom den hjelpetrengande er over 16 år).
Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med tildelingskontoret i telefontida.