Generelt om permisjon
Sidan elevane har ei plikt til opplæring i grunnskulen må føresette søke om permisjon om barnet skal vere vekke frå skulen av andre grunner enn sjukdom. Elevane har ikkje rett på permisjon, men kan sende søknad til skulen om det. Skulen tek stilling til søknaden, og vurderer om fråvær er forsvarleg, før rektor fattar eit enkeltvedtak.
Permisjonen kan ikkje vare lenger enn to veker om gongen. Eleven har ikkje rett til å få erstatta tapt opplæring. Ved delt omsorg er det den barnet bur fast hjå som søker permisjon. Ved delt bustad må søknad om permisjon takast i fellesskap.
Medlemar av trussamfunn utanfor Den norske kyrkja har rett til permisjon på trussamfunnet deira sine heilagdagar, dersom dei søker om det.
Søknad om permisjon, sletting av fråvær og varslingar vert behandla via Visma flyt skule. Føresette søker i føresettportalen.
Kor mange dagar kan du søka om?
Du kan søka om permisjon frå skulen i inntil to veker (ti skuledagar). Det er opp til skulen å vurdera om ein elev skal få innvilga permisjon. Skulen kan avslå søknaden sjølv om det er forsvarleg for den enkelte eleven å få fri. Høve til å få permisjon er heimla i opplæringslova § 2-2.
Inntil 3 dagar
Du kan søka om fri inntil 3 dagar. Ta kontakt med kontaktlærar via Visma Flyt Skule eller appen Min skole.
Inntil 10 dagar
Du kan søka om fri inntil 10 dagar. Ta kontakt med rektor via Visma Flyt Skule.
Permisjon elevar har krav på
Medlemmer av trussamfunn utanfor Den norske kyrkja har rett til permisjon på heilagdagane til trussamfunnet sitt dersom dei søker om permisjon.
Permisjon i meir enn 10 dagar
Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Kommunen har ikkje delegert fullmakt til å innvilga permisjon ut over to veker.
Dersom føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn to veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven mistar retten til opplæring i utmeldingsperioden, og kommunen har ikkje lenger noko ansvar for opplæringa. No er det dei føresette som er ansvarlege for undervisinga etter lov og forskrift.
Foreldre har plikt til å melde frå til kommunen dersom dei skal gi barna privat grunnskoleopplæring i heimen, jmf. § 22-5.
Den private grunnskoleopplæringa i heimen skal oppfylle krava til formålet med opplæringa i § 1-3, krava i § 1-4 andre ledd om at opplæringa skal vere i samsvar med læreplanar for fag og § 1-6 første ledd om fag- og timefordelinga, forbodet mot forkynning i § 14-5 og krava i § 14-7 til korleis opplæringa om emna kristendom, religion, livssyn og etikk skal leggjast opp.
Kommunen skal føre tilsyn med at den private grunnskoleopplæringa i heimen oppfyller krava i andre ledd. Når kommunen får melding om at eit barn skal få slik opplæring, skal kommunen opne tilsyn innan tre månader etter at opplæringa tar til. Kommunen kan krevje at barn som får privat grunnskoleopplæring i heimen, tar prøver som kan vise om opplæringa oppfyller krava i andre ledd.
Dersom opplæringa ikkje oppfyller krava i andre ledd, skal barnet gå på skolen.
Elevar som oppheld seg i utlandet i meir enn to veker
Elevar som oppheld seg i utlandet blir skrive ut frå skulen og inn igjen når dei kjem tilbake. Årsaka til dette er at skulen ikkje har ansvar for elevar som oppheld seg i utlandet i meir enn to veker.
Utdanningsdirektoratet har ei eiga side om regelverk for elevar i utlandet.
Ulovleg fråvær
Dersom føresette held barnet vekke frå skulen lenger enn den tida dei har fått innvilga gjennom søknad om permisjon, vert dette rekna som ulovleg fråvær.