Det er viktig at elevane lærer å nytta digitale verktøy på ein god måte; til å produsera, framfor einsidig konsumera i kvardagen. Difor lærer elevane både å lesa, skriva, rekna og arbeida digitalt og på papir. Dei lærer når og kva det er nyttig å bruka digitale verktøy til, og når ein med fordel kan legga dei vekk.
I tråd med samfunnsplanen skal unge som veks opp i Sogndal kommune oppleva å veksa opp som trygge og aktive barn med meistringsglede. I det høve treng dei å trena på å nytte digitale verktøy på gode måtar. Korleis kan ein nytta teknologi til å produsera, kommunisera, og søka og bearbeida informasjon? Kva er sikre og usikre kjelder? Digitale verktøy er nyttig for alle elevar, særleg til å støtta elevar med lese, skrive eller språkvanskar.
Digitale system i Sogndalsskulen
I det eit barn byrjar i grunnskulen får ho/han ein digital brukarkonto i Microsoft Office 365 og Feide. Denne kontoen gir tilgang til ei rekke digitale læremiddel og læringsressursar. Brukarkontoen består av eit brukarnamn med seks bokstaver og to tall, og eit passord. Trykk på lenkja til Feide for å lese meir om tenesta.
Som skuleadministrativt system nyttar kommunen Visma flyt skule med tilhøyrande app, Minskole. Trykk på lenkja for utfyllande informasjon om Visma.
På 1.-4. trinn nyttar elevane iPad, og på 5.-10. trinn nyttar dei PC. Sjå reglement for god bruk i ordensreglementet til kommunen.
Skulane har òg reglement for bruk av mobiltelefon på skulane. Det er tilrådd at telefonen vert oppbevart i mobilhotell/sekken i skuletida, og den kan kun takast i bruk om lærar gjev løyve til det.