Brukarkonto i Feide og Microsoft

I det eit barn byrjar i grunnskulen får ho/han ein digital brukarkonto i Microsoft Office 365 og Feide. Denne kontoen gir tilgang til ei rekke digitale læremiddel og læringsressursar. Brukarkontoen består av eit brukarnamn med seks bokstaver og to tall, og eit passord. Trykk på lenkja til Feide for å lese meir om tenesta. 

Skuleadministrativt system

Som skuleadministrativt system nyttar kommunen Visma flyt skule med tilhøyrande app, Minskole. Trykk på lenkja for utfyllande informasjon om Visma

Utstyr og ordensreglement

På 1.-4. trinn nyttar elevane iPad, og på 5.-10. trinn nyttar dei PC. Sjå reglement for god bruk i ordensreglementet til kommunen

Skulane har òg reglement for bruk av mobiltelefon på skulane. Det er tilrådd at telefonen vert oppbevart i mobilhotell/sekken i skuletida, og den kan kun takast i bruk om lærar gjev løyve til det.