Sogndal kommune ynskjer å skapa ein best mogleg oppvekst for dei unge i området. For å nå dette målet er blant anna arbeid med digitale verktøy, medborgarskap, utforsking og tverrfaglege tema viktige. Sogndalsskulen har difor teke i bruk Minecraft i undervisinga, og byrja å gje elevane reelle problemstillingar å arbeide med for å lære om korleis dei kan kome med forslag og medverke i utvikling av lokalsamfunnet. Røysta til dei unge er viktig for samfunnsutviklinga. Korleis skapar me sentrumsområde dei får lyst til å bu i eller nytte i framtida? Kanskje er bidraga så gode at dei får påverke korleis området vert sjåande ut? 

Kva er Minecraft?

Enkelt forklart er det eit sandkassespel, altså ei open verd, der elevane nyttar tredimensjonale legoklossar til å skape det dei måtte ynskje; bygningar, byar, landskap og anna kreativt. Dataspelet, som er ein integrert del av Microsoft 365 for undervisning, har vist seg å motivere og vekke engasjement og lærelyst hjå dei unge. Det kan nyttast på mange forskjellige måtar til å gje fagleg god og ikkje minst tilpassa undervisning, der elevane sit i førarsete og læraren vert ein ivrig copilot og kartlesar.

Kommunen har difor byrja å gje elevane reelle utfordringar med dette spelet som digitalt verktøy. Tidlegare har dei unge blitt bedt om å utforme Sogndal kommune i 2050, før dei no har fått i oppdrag å skape sine visjonar for eit meir konkret prosjekt, billagstomti. Slik vil elevane kunne få ein smak på kva medborgarskap er, kva planarbeid og samfunnsplanar handlar om, og tankar om korleis dei ser føre seg lokalsamfunnet i tida framover.

Samstemte forslag

Det var mange gode forslag til korleis området bør verte. Elevane var ganske samstemte om at dei ynskjer seg flotte grøntområde, kafear som "Vafleriet" til dømes, trampoliner, bowling, pumptrack og butikkar. Nokre kom òg med nytenkjande gründeridear som plantehotell og spa der ein kan leige plass til stell av plantene, til dømes når ein er vekkreist på sommarferie? Elevane tenkjer òg berekraftig og samfunnsnyttig når dei kom med forslag om solceller som straumkjelde på bygningstaka og avfallshåndtering under bakken. Dei har òg medvitne tankar om kvar kollektivtrafikken bør plasserast på tomta for at det skal verte best mogleg for bebuarane og andre gåande. 

Vinnarbidraget

Vinnarbidraget var det dei yngste elevane i konkurransen som leverte, nemleg 4A på Trudvang skule. Me gratulerar dei med seieren!

 

IMG_6067.JPEG

Klassen som leverte vinnarbidraget får ein pizzamiddag på Fjøra Gastro spandert av Einarsen Eigedom.

Juryen, med arkitekt Sissel T. Engblom frå Clemes eiendom i front, meinte bidraget utmerka seg både med kreative, nytenkjande og ikkje minst berekraftige forslag. Gruppa presenterte det på ein framifrå måte, og viste at dei har omsyn for både innbyggarane og området. Prosjektet var veldig forseggjort og detaljert. Elevane nytta Minecraft som verktøy på ein svært god måte. 

Du føler at du er ein del av noko

Andreplassen gjekk til 8. trinnselevar i Teknologi- og designklassen på Kvåle skule, som ifølgje Engblom leverte det mest bearbeida arkitektoniske uttrykket og den beste formuleringa om kva sosial bærekraft er "tenk å bu her, og så ser du naboen din sit i vindauga. De kan snakke til kvarandre, og du føler at du er en del av noko" sitat frå Trygve (13), som du ser på bilete under. Undervegs i prosjektperioden besøkte dei som koordinerte utfordringa, Erlend og Frode frå Einarsen eigedom og Turid Rauboti, pedagogisk IKT-rådgivar for Sogndal kommune, Kvåle skule. Dei blei imponert over arbeidsinnsatsen og motivasjonen til elevane. Lærar Bianca Helene Molteberg Bruenech kunne i etterkant fortelje at elevane hadde jobba engasjert, iherdig og utelukkande med prosjektet i heile tre timar utan å gå lei. Slik skapar ein utforskande og elevaktiv læring i tråd med den nye læreplanen!

Bilde1.jpeg

Trygve (13) og presenterer bustadblokka han ser føre seg at kan byggjast, samstundes som han lynraskt klikkar på datamusa for å byggja ny bussterminal og skriv memorerte kodar som forenklar prosessen. Trygve tek seg òg tid til å hjelpa ei anna gruppe, og fortel at det han saknar i Sogndal er ein trampolinepark, sjølv om han trur det fins betre lokasjonar enn Billagstomti for akkurat dét. Kafé skal det i alle fall bli der!

Bilde2.jpeg

Elevar på Kvåle skule jobba ivrig med prosjektet.

Bilde4.jpeg

Samarbeid mellom Einarsen eigedom, representert ved Erlend Fardal Lunde og Frode Einarsen og Sogndal kommune, representert ved lærar Bianca Helene Molteberg Bruenech og pedagogisk IKT-rådgivar Turid Rauboti.

Sjarmpris

5C på Trudvang skule leverte òg ein video der elevane imponerte arkitekten med gode skisser, engasjement og plantespa blant anna. Dei fekk difor ein eigen "Honorable mention" frå arkitektkontoret Clemens eiendom. 

IMG_6082.JPEG