Kva er KI?
Kunstig intelligens (KI) er når datamaskiner kan gjere ting som liknar på det menneske kan, som å lære, forstå språk og løyse problem. KI kan hjelpe oss i kvardagen, til dømes når me brukar ein digital assistent på telefonen, eller ser filmforslag via ei strøymeteneste. Omgrepet er eit samleomgrep -ein kategori- som rommar ulike teknikkar og teknologiar som produserer noko me oppfattar som intelligent oppførsel frå ei maskin.
Maskinlæring er eit omgrep som ofte vert nytta i høve bruk av kunstig intelligens. Omgrepet betyr at datamaskiner kan lære av erfaring, akkurat som me menneske gjer. Når du ser ein video på nettet, kan maskinlæring til dømes gjere at du får forslag til liknande videoar neste gong.
Generativ kunstig intelligens er ein type KI som ved hjelp av maskinlæring kan lage nye ting, som bilete, musikk eller tekst. Dette kan til dømes vere eit program som skriv ei forteljing eller lagar eit bilete ut frå nokre få ord. Generativ KI vert ofte omtalt som ein “praterobot”, då ein kan føre samtalar med den. Bilete du ser øvst på denne sida er laga ved hjelp av generativ KI. Det er denne typen KI skulane no tek i bruk.
Ledetekst kallast teksten me skriv for å få den generative KIen til å utføre/svare på noko. Teksten, som ofte vert kalla “prompt”, kan vere formulert som ein setning, spørsmål, instruks eller tilsvarande.
I videoen kan du sjå korleis Utdanningsdirektoratet (UDIR) forklarar omgrepet.
Skolebot- Sogndalsskulen si KI-teneste
Skolebot tilbyr tilgang til kunstig intelligens, særskilt tilpassa for elevar og lærarar i skulen. Tenesta som er støtta av Innovasjon Noreg, er designa og utvikla her i Noreg, med vekt på tryggleik og personvern. Elevar og lærarar kan bruke tenesta til å ha interaktive KI-samtalar via ei rekkje tilpassa samtalerobotar. Lærarar og elevar på 5-10. trinn loggar på via Feide, den nasjonale løysinga for trygg innlogging.
Skulane i Sogndal kommune:
• Nyttar UDIR sin kompetansepakke for lærarar om kunstig intelligens i skolen til kompetanseheving
• har retningslinjer for KI og følgjer nasjonale råd frå UDIR, som er ført opp i eige avsnitt på denne nettsida.
• sikrar at alle elevane er klar over at dei ikkje må legge inn eller dele personlege eller sensitive opplysningar ved bruk av tenesta
Skolebot skriv føljande om personvern:
- Me er opptekne av personvern, og i personvernerklæringa vår kan du lese om korleis me handsamar data. Skolebot nyttar ikkje personopplysningar (til dømes elevdata, tekst eller filer) til å trene KI-modellar eller til anna vidareutvikling av tenesta, i strid med Kunnskapsdepartementet sine føringar.
- Me brukar språkmodellar frå ChatGPT via Microsoft Azure OpenAI, som handsamar teksten som blir sendt inn på sine servarar i Sverige.
- Me lagrar ikkje fleire personopplysningar enn det som er naudsynt for å feilsøke og sikre ei trygg og påliteleg teneste, som følgjer formålet med bruk av tenesta.
- Brukarar kan potensielt velje å leggje inn personopplysningar i fritekstfeltet når dei nyttar tenesta. Me har ikkje tilgang til teksten, og lagrar den ikkje på våre eigne servarar. Microsoft Azure OpenAI mellomlagrar tekst i inntil 30 dagar for å hindre misbruk av tenesta. Desse tekstane blir ikkje brukte til andre formål (som til dømes vidare opplæring av algoritmen), og OpenAI har ikkje tilgang til dei.
- Dersom ein brukar stemme-til-tekst, blir lyden aldri sendt til våre servarar, berre direkte til Microsoft i Sverige. Dei lagrar aldri lyden, og handsamar han berre kryptert i “minnet” medan han blir omgjord til tekst. Lyden blir sletta straks etter at teksten er generert.

Retningslinjer for tilsette
Retningslinjer for bruk av KI i Sogndalsskulen for tilsette
- Ver kritisk til det du les og sjå opp for unøyaktigheiter og feilaktig informasjon.
- Hugs at du er ansvarleg for KI-generert tekst du sender ut eller publiserer.
- Oppgi kjelde når du bruker ein KI-generert tekst, bilete, kode eller anna.
- Gi tydeleg rettleiing til elevane ved bruk av KI i undervisninga.
- Ha eit klart og definert må med kvifor og korleis KI skal brukast under planlegging og gjennomføring av undervisning.
Ver òg merksam på følgjande når du nyttar KI:
- Del aldri personleg informasjon, som personopplysningar om kollegaer, elever, føresette eller andre personar.
- Ikkje del sensitiv informasjon, som verksemdskritiske opplysningar. Det vil seia informasjon som ikkje er offentleg tilgjengeleg.
- Ikkje del brukarinformasjon, som påloggingsinformasjon og passord.
- Sjekk alltid fakta, og ikkje stol blindt på informasjonen KI gir.
- KI kan aldri vera ei fullgod erstatning for læres profesjonelle skjønn.
- Bruk derfor ikkje KI som erstatning for eige vurderingsarbeid.
Utdanningsdirektoratet sine råd om KI i skulen
- Løft fram relevante område i læreplanverket, til dømes personvern, kjeldekritikk og opphavsrett.
- Skulen og læraren vurderer når kunstig intelligens (KI) er relevant å bruke, ut frå måla og innhaldet i læreplanane. Læraren er den pedagogiske leiaren i klasserommet og legg til rette for gode læringsprosessar.
- Legg vekt på variasjon i opplæring og vurdering. Utforsk tilnærmingar som gjer læraren trygg på at det er elevens eigen kompetanse som blir vurdert.
- Snakk med elevane om kva KI er, kva moglegheiter teknologien gir, men òg kva farar han fører med seg. Utforsk gode arbeidsprosessar og læringsformer saman.
- Ha dialog med føresette om digital praksis og bruk av KI-verktøy på skulen og heime.
- Bruk profesjonelle læringsfellesskap for å dele kunnskap og samarbeide om komplekse utfordringar som er vanskelege å møte åleine. Skuleeigar og skuleleiar må prioritere utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse.
- Skap ein kultur for utprøving og evaluering av pedagogisk praksis.
- Bruk trygge løysingar som er godkjende og vurderte for personvern av skuleeigaren.
- Ta omsyn til elevane sin alder og modenheit, og vis særleg varsemd overfor yngre barn. Nytt dei tekniske moglegheitene som finst for å tilpasse verktøya til best mogleg pedagogisk bruk.
- Råda har ulik relevans for skuleeigar, skuleleiar, lærar og føresette.
- Bruk av KI i skulen må baserast på lokale juridiske, etiske og pedagogiske vurderingar.