Kva er ei framtidsfullmakt?
Framtidsfullmakta er eit dokument som fortel kva du ynskjer skal skje med deg og økonomien din om du får ein endra kvardag gjennom ulykke, svekka helse eller ein demenssjukdom.
Ved å opprette ein framtidsfullmakt er det du som bestemmer kva som skal skje med verdiane dine og interessene dine i framtida. Framtidsfullmakt er eit privatsrettsleg alternativ til ordinært verjemål.
Verjemålslova § 78 definerer framtidsfullmakt slik:
«En fremtidsfullmakt er ein fullmakt til èn eller flere personer om å representere fullmaktsgiveren etter at fullmaktsgiveren på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller alvorlig svekket helbred ikke lenger er i stand til å ivareta sine interesser innen de områdene som omfattes av fullmakten».
Du bestemmer sjølv kor omfattande fullmakta skal vere. Framtidsfullmakta kan omfatte både økonomiske og personlege forhold.
Økonomiske forhold kan til dømes handle om:
- kven skal betale rekningane dine
- kven kan inngå økonomiske avtaler på vegner av deg
- korleis skal utdeling av forskott på arv eller gåver skje
(Sjå også avsnittet «Kva bør vere med i framtidsfullmakta?»
Personlege forhold er alle former for representasjon og ivaretaking av rettigheiter utover det reint økonomiske. Det kan til dømes handle om:
- kven skal representere deg overfor Nav, kommune og sjukeheim
- kven skal representere deg i møte med offentleg myndigheit, til dømes om du vil klage på eit vedtak eller sjå til at du får den bistanden/hjelpa du har krav på
- kvar vil du bu
- kva slags medisinsk behandling vil du ha
- vil du ha GPS-sporing om du får ein demenssjukdom
Mens du enno er frisk og rask kan du sjølv bestemme kven du ynskjer skal ivareta interessene dine. Utan framtidsfullmakt vil Statsforvaltaren oppnemne ein verje til deg.
Om du vel å opprette ei framtidsfullmakt, er det du som er «fullmaktsgivar». Den som skal utføre oppgåvar er «fullmektig». Du har mogelegheit til å på forehand bestemme kven som skal ivareta økonomiske og/eller personlege interesser. Du kan ha ein eller fleire fullmektigar. Det er også lurt å ha ein reservefullmektig.
Kven kan skrive ei framtidsfullmakt?
Du må vere over 18 år og forstå betydninga av fullmakta. Dette betyr at du må skrive fullmakta når du er frisk, jamfør vergemålsloven § 79.
Krav til framtidsfullmakt
For at ein framtidsfullmakt skal vere gyldig seier vergemålslova at nokre bestemte vilkår må vere oppfylte. Dette er absolutte formkrav, jamfør vergemålsloven § 81:
- Fullmakta må vere skriftleg og underteikna av deg som har oppretta den.
- To vitna over 18 år må stadfeste at du frivillig har oppretta fullmakta.
- De to vitna må forstå fullmakta si betydning, og må vere tilstades i lag med deg når du signerer.
- Fullmektigen kan ikkje vere vitne.
- Det må gå tydeleg fram at fullmakta skal få verknad i framtida.
Kva bør vere med i framtidsfullmakta?
- fullmakta må vere datert, fullmakt til å innhente legeerklæring og personalia om vitna
- sal av eigedom / bustad
- forskott på arv
- verdiar og gåver
- selskap og aksjar
- representasjon ovanfor offentlege myndigheiter
- betaling av rekningar knytt til bustad og anna
- disponering av konti og verdipapir
- rett til å dele ut gåver, til dømes til familiemedlemmer i samband med jul, fødselsdagar, konfirmasjon og liknande.
- kva skal skje om du kjem permanent på sjukeheim? Skal bustaden seljast? Kva skal skje med
- salssummar? Kva skal skje med innbu og lausøyre? Kva vil du ha med til sjukeheimen? Skal det delast ut forskott på arv?
- ynskjer du at fullmektigen eller til dømes dine born skal ha mogelegheit til å kjøpe eigedom eller motta eigedom som forskott på arv? Då bør dette bli presisert i fullmakta, jamførvergemålsloven § 86
- uskifte/skifte: skal fullmektigen få anledning til å til dømes få utstedt ein uskifteattest på vegner av deg, eventuelt krev buet skifta, etter avdøde ektefelle? Då bør dette blir presisert i framtidsfullmakta for at tingretten skal akseptere dette
Vitna sine roller
Vitna skal vite at dokumentet skal vere ein framtidsfullmakt, og de må ha evne til å forstå betydninga av signaturen. Vitna må ha evne til å vurdere om fullmaktsgivar opprettar framtidsfullmakta av fri vilje og at vedkomande framleis har evne til å forstå betydninga av å opprette denne.
Om vitna er i tvil om fullmaktsgivar forstår betydninga av å opprette framtidsfullmakta, skal vitna anten ikkje signere eller krevje framlagt ei legeerklæring som stadfester fullmaktgiveren sin forståing.
Det er frivillig å signere som vitne.
Oppbevaring av framtidsfullmakta
Det finst ikkje oppbevaringsordningar for framtidsfullmakter. Dei skal ikkje sendast inn til Statsforvaltaren eller anna myndigheit når dei er oppretta. Du bør sjølv sørgja for at du oppbevarer framtidsfullmakta di på ein trygg og forsvarleg måte, til dømes i ein safe eller liknande. Det er originaldokumentet som må bli oppbevart trygt.
Fullmektigen eller fullmektigane, dei/den som skal ivareta interessene dine, bør bli informert om oppretting og kvar fullmakta er oppbevart, i tilfelle du gløymer dette sjølv seinare.
Du kan eventuelt opprette framtidsfullmakta i fleire originaldokument, der du og fullmektigen eller fullmektigane har kvar dykkar original. Det må gå fram frå fullmakta at det finst fleire originaldokument.
Når trer framtidsfullmakt i kraft?
Ei framtidsfullmakt trer i kraft når fullmaktsgivar, du som har skrive den, har blitt for sjuk eller kognitiv svekka til å ivareta dine eigne interesser, jamfør vergemålsloven § 83.
Nokre gonger kan til dømes banker eller Kartverket krevja at Statsforvaltaren stadfestar framtidsfullmakta. Ei stadfesting betyr at Statsforvaltaren sjekkar om vilkåra i lova er oppfylte i den aktuelle famtidsfullmakta. Ein slik stadfesting kan berre skje når framtidsfullmakt er tredd i kraft.
Korleis skal fullmektigen søkja om stadfesting av iverksetjinga?
Fullmektigen/fullmektigane kan be Statsforvaltaren om å stadfeste iverksetjing av ein framtidsfullmakt, jamfør vergemålsloven § 84.
Fullmektig skal leggje fram:
- framtidsfullmakt i original
- utfylt søknadsskjema
- bevis for at pårørande er varsla
- legeerklæring om fullmaktgivar sin aktuelle helsetilstand
Framtidsfullmakt skal sendast til Statsforvaltar når den har tredd i kraft og fullmektigen/-ane ynskjer å søkje om stadfesting av ikraftsetjing.
Statsforvaltaren har ikkje mogelegheit til å godkjenne ein framtidsfullmakt på førehand.
Som fullmaktsgivar har du sjølv ansvar for at fullmakta dekker framtidige behov eller ynskje om bistand – og om framtidsfullmakta er gyldig oppretta.
Viktig: ein framtidsfullmakt vil ikkje vere gyldig om ikkje krav til oppretting er følgt.
Nyttige nettsider
Les meir om vergemål, framtidsfullmakt og legalfullmakt:
Les meir om framtidsfullmakta:
- statsforvaltaren informasjon fremtidsfullmakt
- sivilrett framtidsfullmakt nettside
- sivilrettsforvaltning framtidsfullmakt dokument
Sjå døme på skjema «Framtidsfullmakt»:
Sjå skjema «Erklæring frå lege eller annen sakkyndig ved ikrafttredelse av fremtidsfullmakt»:
Sjå skjema «Søknad om stadfesting av at ein framtidsfullmakt har tredd i kraft»: