Kva kan du få hjelp til?
Praktisk bistand kan vere hjelp til å:
- Handla mat
- Laga mat
- Vaska klede og reinhald i bustaden din
- Ivareta eiga helse
- Utføra personleg stell og pleie
Tenesta kan også gje rettleiing og opplæring slik at du kan meistra oppgåver på eiga hand.
Dette kan du forvente av oss
- Du får ei fagleg og individuell vurdering av behova dine
- At me er orientert om din situasjon og dine behov
- Du og heimen din blir behandla med respekt
- Me har på oss uniform og har synleg legitimasjon
- At me overheld teieplikta
- At våre tilsette har ulik etnisk bakgrunn, kjønn og alder
- At vi alltid prøver å komma til tidspunkt du ynskjer, men akutte eller uforutsette hendingar kan føra til forseinkingar
- På helg og helligdagar kan oppgåver utgå eller bli flytta grunna redusert kapasitet i tenesta
Dette forventar me av deg
- Du utfører sjølv dei aktivitetane du meistrar
- Du samarbeider og gir informasjon som kan bety noko for hjelpebehovet ditt
- Du kontaktar avdelingsleiar for heimetenesta om du ikkje er nøgd med tenestene du mottek
- Du respekterer teieplikta vår
- Du/dine pårørande gir beskjed til oss i god tid dersom du må endra avtale eller ikkje er heime i tidsrommet me kjem for å hjelpa deg
- Du har vaskeutstyr tilgjengeleg
- At du sørger for så langt det er mogleg at me enkelt og trygt kjem fram til bustaden din. Det skal vere lys utvendig på huset og framkommeleg på private vegar. På vintertid skal det vere brøytt, og strødd dersom behov.
- Du er villig til å ommøblera og installera hjelpemiddel i heimen når det er naudsynt
- Du røyker ikkje medan me er på besøk, og luftar godt ut før vi kjem.
- Du sørger for at husdyr oppheld seg i eit anna rom
Du/dine nærpersonar sjølv tek ansvar for å tinga timeavtalar og transport til fastlege, tannlege, sjukehus osb. Den som har kalla deg inn til helseoppfølging har ansvar for å tinga transport dersom du har behov for det. Kontakt Pasientreiser for refusjon.
Kva kostar det?
Bistand til, og opplæring i, personleg stell og eigenomsorg skal vera gratis. For annan praktisk bistand og anna opplæring tek kommunen eigenandel.
Me nyttar grunnbeløp (G) for å berekna timesats. (Grunnbeløpet er 124 028 kr frå 1. mai 2024 til 1. mai 2025)
- Du betalar for tal timar som er brukt for utførte oppgåvar som du har fått vedtak på.
- Du slepp å betala om du avbestiller tenesta seinast 24 timar før avtalt besøk.
Om du ikkje har varsla innan fristen må du betala for timen.
Timesatsen er avhengig av kor mykje du har i inntekt:
Inntektsklasse | Timesats | Abonnement |
---|---|---|
Inntil 2 G | 170 | 240 |
Inntil 3 G | 170 | 1 666 |
Inntil 4 G | 230 | 2 280 |
Inntil 5 G | 300 | 3 040 |
Inntil 6 G | 333 | 3 360 |
Over 6 G | 354 | 3 600 |
- Prisane gjeld frå 1. januar 2025.
- Minstesatsen inntil 2 G er statleg regulert og vert vedtekne av Helse- og omsorgsdepartementet kvart år i desember.
- Timesatsar og abonnement over 2 G vert vedtekne i kommunestyret kvart år i desember.
- Grensa for abonnement går ved 10 timar per månad.
- Timesatsen vert fastsett ut frå husstandens samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag.
Nettoinntekta vert delt på grunnbeløpet i folketrygda. - Det er det siste tilgjengelege skatteoppgjeret per 1. januar som ligg til grunn, og grunnbeløp fastsett i mai frå året før.
Døme: For 2025 ligg til grunn: skatteoppgjeret for 2023 og grunnbeløp fastsett 01.05.2024.