Du får hjelp og rettleiing så lenge du har behov for det. Vi er opptekne av at du skal vere mest mogleg sjølvhjelpen, og dermed klare deg sjølv lengst mogleg i eigen heim. Tenester du får skal hjelpe deg til å oppretthalde eller få tilbake evna til å utføre aktivitetar sjølv.
Å utføre kvardagsaktivitetar er viktig for å bevare helsa og sjølvstendigheita. Vi kan hjelpe deg slik at du i større grad kan meistre daglege gjeremål sjølv.
Kva kan du få hjelp til?
- Helse– og omsorgstenester i alle livsfasar
- Ernæring, tilrettelegging av måltid og oppfølging av ernæring
- Administrering og oppfølging av medisinar
- Sjukepleiefagleg oppfølging, t.d injeksjonar, sårbehandling, medisinske prosedyrar
- Personleg stell og pleie
- Rehabilitering i heimen
Dette kan du forvente av heimesjukepleia
- Du får ei fagleg og individuell vurdering av dine behov
- At vi er orientert om din situasjon og dine behov
- Du og heimen din blir behandla med respekt
- Vi har på oss uniform og har synleg legitimasjon
- At vi overheld teieplikt
- At vi har tilsette med fagleg kompetanse som sjukepleiar og helsefagarbeidar
- At det nokre gonger kjem assistentar, lærlingar og studentar heim til deg
- At våre tilsette, har ulik etnisk bakgrunn, kjønn og alder
- At vi tilstreber å komme til tidspunkt du ynskjer, men akutte eller uforutsette hendingar kan føre til forsinkelsar
- På helg og heilagdagar kan oppgåver utgå eller bli flytta grunna redusert kapasitet i tenesta
- Tryggleiksalarm brukast kun ved behov for akutte omsorgsoppgåver. Oppstår akutt sjukdom, ring legevakt 116117 eller 113.
Kva forventar heimesjukepleia av deg?
- Du utfører sjølv dei aktivitetane du meistrar
- Du samarbeider og gir informasjon som kan bety noko for ditt hjelpebehov
- Du kontaktar avdelingsleiar for heimetenesta om du ikkje er nøgd med tenestene du mottek
- Du respekterer vår teieplikt
- Du/dine pårørande gir beskjed til oss i god tid dersom du må endre avtale eller ikkje er heime i tidsrommet heimesjukepleia kjem til deg
- Du vil få tilbod om ernæringskartlegging og vekt. Dersom du ynskjer det, må du ha ei vekt tilgjengeleg i heimen
- Du har til ein kvar tid hygiene/toalettartiklar tilgjengeleg
- Dersom du får oppfølging knytt til ernæring, må du sørge for at du har mat tilgjengeleg til ein kvar tid. Dersom du eller nærpersonar har utfordringar med å gjere innkjøp, kan dette søkast om
- At du sørger for så langt det er mogleg at vi enkelt og trygt kjem fram til bustaden din. Det skal vere lys utvendig på huset og framkommeleg på private vegar. På vintertid skal det vere brøytt, og strødd dersom behov.
- Du er villig til å ommøblere og installere hjelpemiddel i heimen når det er nødvendig
- Du ikkje røyker medan vi er på besøk
- Du sørger for at husdyr oppheld seg i eit anna rom
- Du/dine nærpersonar sjølv tek ansvar for å bestille timeavtalar og transport til fastlege, tannlege, sjukehus osb. Den som har kalla deg inn til helseoppfølging har ansvar for å bestille transport dersom du har behov for det. Kontakt Pasientreiser for refusjon.
Tannlege
Mottek du helsetenester minst ein gong i veka utover tre månader, som til dømes sårbehandling, legemiddelhandtering, bistand til støttestrømper, som inngår under helsetenester i heimen, har du krav på gratis nødvendig tannlegebehandling frå din nærmaste offentlege tannklinikk. Du får utdelt eit skjema frå heimesjukepleia som skal fyllast ut og blir levert til tannklinikken.
Personleg assistanse som hjelp til matlaging, handling av mat, dusj og stell, er under praktisk bistand, og gir ikkje rett til gratis tannbehandling.
Hjelpemiddel
Dette ordnar du sjølv
Utstyr og småhjelpemiddel som kan gjere kvardagen enklare og er å få tak i vanleg handel må du kjøpe sjølv. Eksempel er møbler og praktisk innreiing, handtak til vegg, sklisikring av trapp, rekkverk, forhøgningsklossar, røykeforkle, gripetang og strømpepåtrekker. Reiskap til matlaging, påkledning og hygiene finn du på apotek, dagligvarehandel og i nettbutikkar.
Midlertidig behov Hjelpemiddel til utlån ved kortvarig funksjonsnedsetjing etter operasjon eller skade. Eksempel er rullator, transportrullestol, toalettforhøgar og dusjstol. Utlån frå kommunalt lager er gratis. Ved akutt behov på ettermiddag, kveld og helg kontakt kommunal heimeteneste.
Langvarig behov Ved varig og vesentleg redusert funksjon kan du søke Nav Hjelpemiddelsentral om utlån av hjelpemiddel. Eksempel på hjelpemiddelområder er bevegelse og forflytning, hygiene, bustad, bil, kognisjon, kommunikasjon og tale, lese- og skrivevanskar, syn, høyrsel og aktivitetshjelpemiddel.
Me oppmodar om å melde behov i god tid
- Kontakt ergoterapitenesta på telefon 47 76 87 74 i vår telefontid tysdag, onsdag og torsdag kl. 12-14 ved behov for hjelpemiddel.
Meir informasjon om utlevering, innlevering, teknisk montering og utkøyring
Endringar i medisinar
Dersom heimesjukepleia har overteke medisinansvaret for deg, vil fastlegen din gi beskjed til oss om endringar i medisinar. Vi vil sørge for at du får riktige medisinar til rett tid. Vi hentar ut medisinar på apotek og oppbevarer dei på låst medisinrom. Du vil få utdelt eit skjema om samtykke dersom du skal få hjelp til medisinadministrering.
Tryggleiksalarm
Tryggleiksalarmen set deg i kontakt med heimesjukepleia. Vær oppmerksam på at du umiddelbart oppnår kontakt med alarmsentralen gjennom alarmboks. Heimesjukepleia har i dei fleste tilfelle ei utrykkingstid på maksimalt 30 min. Dette avheng av køyretid og kor raskt ein får avslutta pågåande oppgåve på forsvarleg måte. Tryggleiksalarm har ingen akuttfunksjon, og vil gi forenkla kontakt med helsepersonell. Kontakt 113 eller legevakt om det oppstår ein akutt situasjon/sjukdom.