Kva gjer ein støttekontakt?
Ein støttekontakt er ein person som kan komme på besøk heim til deg, bli med på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Kva de gjer er som hovudregel opp til deg.
I mange tilfelle blir tenesta støttekontakt bli innvilga som ei tidsavgrensa teneste, med mål om at du skal bli meir sjølvstendig og meistre å gjennomføre aktivitetar og oppsøkje møteplassar sjølv. I desse tilfella vil sakshandsamar i kommunen saman med deg og støttekontakt finne ut av kva som er viktig for deg og øve på/ delta på, og saman setje mål for oppfølgingsperioden.
Støttekontakten har vanlegvis ingen spesiell fagleg bakgrunn, men får opplæring og blir følgt opp av fagfolk.
Krav til søkjar
Personar i alle aldrar kan i utgangspunktet få tildelt støttekontakt. Kommunen gjennomfører ei individuell vurdering i kvart enkelt tilfelle.
Kva kostar tenesta?
Å ha støttekontakt i seg sjølv gratis. Du må likevel dekkje utgifter knytt til aktivitetar de gjer saman, som til dømes inngangspengar til svømmehall, kinobillettar, mat med meir.
Med følgjekort kan støttekontakten din få gratis eller billegare inngang på arrangement, kollektivtransport og inngang der følgjekort er akseptert. Du kan ta direkte kontakt med arrangøren eller bedrifta for å spørje om dei aksepterar følgjekort.
Slik søkjer du
Du kan søkje om støttekontakt ved å sende inn ein generell søknad om helse – og omsorgstenester. I søknaden må du beskrive kva du treng hjelp til. Sakshandsamar på tildelingskontoret vil ta kontakt med deg for kartlegging, og vil saman med deg vurdere om støttekontakt eller andre tenester kan passe.
Søknadsskjema utskriftsvennleg versjon (pdf)
Klage på vedtak eller teneste
Dersom du søkjer om støttekontakt, og får avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket. Det gjer du ved å sende inn ei klage til Sogndal kommune ved tildelingskontoret, Pb 153, 6851 SOGNDAL, eller elektronisk på eDialog - sikker innsending av dokument til kommunen - SOGNDAL KOMMUNE.
Dersom du allereie er innvilga støttekontakt og ynskjer å klage på sjølve tenesta, tek du kontakt med støttekontaktansvarleg i kommunen, telefonnummer 908 45 905.