Last ned filer og mapper frå OneDrive
Dersom du har skulerelaterte filer og mapper lagra i OneDrive, må du laste dei ned og overføre dei til ei anna lagringsløysing før du sluttar på skulen eller før skulekontoen din blir avslutta. Du kan til dømes lagre filene på ein minnepinne, ein ekstern harddisk eller i ei privat skylagringsteneste.
Slik lastar du ned frå Onedrive:
- Logg inn på Microsoft 365 med skulekontoen din (brukarnamn@sogndalsskulen.no), og følg rettleiinga på skjermen.
- Opne OneDrive og vel Mine filer.
- Merk filene og mappene du ønskjer å laste ned, og vel Last ned. Tips: Trykk øvst til venstre for dokumentikonet/navn for å markere alle filene.
- Vel kvar ZIP-fila skal lagrast, til dømes på ein minnepinne, ein ekstern harddisk eller i ei privat skylagringsteneste.
Tips: Opprett ei eiga mappe med filene du ønskjer å ta vare på. Deretter kan du merke mappa og laste ned alt på éin gong.
Dersom du har mange filer, kan nedlasting ta tid. Ver ute i god tid før skulekontoen blir avslutta, slik at du rekk å kontrollere at alle filene er lagra.
Ta vare på materiale frå Teams
Når skulekontoen din blir avslutta, mistar du tilgang til team og fag i Microsoft Teams. Dersom du ønskjer å ta vare på undervisningsmateriell, oppgåver eller eigne bidrag, må du lagre dette før kontoen blir stengd.
Nedlasting frå OneDrive tek ikkje vare på alt innhaldet i Teams. Gå difor gjennom Teams og lagre viktige filer, oppgåver og anna materiale før skulekontoen din blir avslutta.
Laste ned filer frå Teams
Filer som lærarar og medelevar har delt i Teams ligg ofte lagra i fana “Delt”.
Slik gjer du det:
- Opne teamet eller kanalen i Teams.
- Gå til Delt (gamle Filer).
- Merk filene du ønskjer å ta vare på.
- Vel Last ned, eller opne fila og lagre ein kopi på eiga lagring.
Tips: Dersom du vel Opne i SharePoint, kan det vere enklare å laste ned fleire filer eller heile mapper samtidig.
Ta vare på oppgåver
Oppgåver og innleveringar i Teams blir ikkje automatisk lagra når skulekontoen blir avslutta.
Dersom du ønskjer å ta vare på oppgåvetekstar, vurderingar eller eigne svar:
- Opne Oppgåver i Teams.
- Gå gjennom tidlegare innleveringar.
- Last ned vedlegg og eigne dokument.
- Kopier eventuelle tilbakemeldingar eller vurderingar du ønskjer å ta vare på, og lagre dei i eit eige dokument eller som PDF.
Ta vare på innlegg og meldingar
Innlegg i kanalane og meldingar i Teams kan innehalde viktig informasjon, lenkjer og rettleiingar frå lærarar. Du treng vanlegvis ikkje laste desse ned, men det kan unntaksvis vere enkelte innlegg, meldingar eller liknande du ynskjer å ta vare på. Slik gjer du det:
Dersom du ønskjer å ta vare på innlegg/meldingar kan du:
- Kopier teksten over i eit eige dokument.
- Ta skjermbilete av viktig informasjon.
- Lagre dokumentet på privat lagring.
Hugs
Når skulekontoen blir avslutta, blir tilgangen til Teams fjerna. Sørg derfor for å gå gjennom dei ulike faga i god tid og ta vare på det du ønskjer å behalde.
Kopier innhald frå klassenotatblokker til eigne notatblokker
Dersom du ønskjer å ta vare på innhald frå klassenotatblokker, må dette kopierast til eigne OneNote-notatblokker før du sluttar på skulen eller før skulekontoen blir avslutta.
Slik kan du kopiere/flytte ei notatblokk:
- Opne notatblokkene i OneNote.
- Vel notatblokka du ønskjer å kopiere frå.
- Høgreklikk på sida eller inndelinga du ønskjer å kopiere, og vel Flytt eller kopier.
- Vel Kopier og deretter kvar innhaldet skal kopierast til.
- Vel notatblokka du ønskjer å kopiere innhaldet til.
- Gjenta prosessen til alt innhaldet du ønskjer å ta vare på, er kopiert.
Tips: Du kan merke fleire sider samstundes ved å halde inne Ctrl medan du vel sidene før du kopierer dei.
Slik kan du lage PDF-filer av OneNote-notatblokker
Dersom du heller ønskjer å ta vare på innhaldet i eigne notatblokker eller i klassenotatblokker frå lærarane, kan du lagre innhaldet som PDF-filer.
- Opne notatblokkene i OneNote (skrivebordsversjonen eller nettversjonen).
- Vel Fil > Skriv ut.
- Vel skrivaren Microsoft Print to PDF, og vel Alle sider.
- Vel kvar PDF-fila skal lagrast, til dømes på ein minnepinne, ein ekstern harddisk eller i ei privat skylagringsteneste.
Viktig for Mac-brukarar:
I OneNote for Mac kan du lagre enkeltsider som PDF ved å velje Fil > Lagre som PDF. Dersom du ønskjer å ta vare på større delar av ei notatblokk, kan det vere enklare å kopiere innhaldet over til ei privat notatblokk først.