Kvernhushaugen barnehage  er ein midlertidig kommunal barnehage med 42 plassar. I år har me 26 barn, i alderen 1-3 år.
Barnehagen ligg eit flott til ved anlegget til Kaupanger Idrettslag.
Barnehagen har eit uteområde som ligg til rette for leik og utfolding. Tett til barnehagen har me to fotballbaner, Tuftepark, lavvo, lysløype, sykkelløype, merka turområde og mykje skog som innbyr til mykje leik og utforsking.

I nærmiljøet har me gåavstand til Det Heiberske muesum, Vite Meir senteret og Kaupanger skule.

Kvernhushaugen barnehage kan tilby 60%, 80% og 100% plassar.